Etterlyser humor i ungdomsbøker

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre fem av 49 nye, norske ungdomsromanar så langt i år har humor som verkemiddel. I fjor var det fire av 37, ifølge ei liste frå Foreningen les.

– På vegne av ungdommen etterlyser me fleire bøker med humor, seier Bjarte Bakken, prosjektleiar ved Foreningen Les til Framtida.no.

– Det er veldig viktig at det er humor i ungdomsbøker for å få ungdom til å lesa, seier komikar og forfattar Terje Torkildsen til NRK, som først omtala saka.

Torkildsen står bak både Marki Marco og Dystopia-bøkene der det er element av humor.

LES OGSÅ: Skriv bøker for dei som ikkje vil lesa

Bjarte Bakken i Foreningen Les understrekar at han ikkje har lese alle bøkene, og at humor er individuelt. Han utelukkar dermed ikkje at det kan finnast nokre fleire morosame bøker frå dei siste to åra.

Bakken har ikkje funne nynorske ungdomsbøker med humor dei siste to åra.  

Ragnfrid Trohaug, seniorredaktør for barne- og ungdomsbøker på Samlaget, seier dei kjem med ei ungdomsbok med humor til neste år.

– Me vil veldig gjerne ha fleire bøker med humor, men humor er vanskeleg, seier ho, og legg til at Samlaget òg fyller på med omsette ungdomsbøker med humor, som til dømes Aurora-dagbøkene til Marie Desplechin.

SISTE BOKNYTT: MELD DEG PÅ NYHENDEBREVET VÅRT!

Faktaboks

Her er ungdomsbøker med humor for dei siste to åra:

2015:
Andrea Bræin Hovig: Vanessa Svartmo
Monika Steinholm: Fuck verden
Torbjørn Moen: Jenta i speilet (kommer snart ut)
Liv Marit Weberg: Det er heldigvis ingen som trenger meg
Ingunn Aamodt: Marlena Evensen – Party

2014:
Maja Lunde: Battle
Liv Marit Weberg: Jeg blir heldigvis ikke lagt merke til
Ingunn Aamodt: MArlena Evensen – Snart sexten
Arne Svingen: Primitive pungdyr