Slik har engelsk har «lånt» seg til språktoppen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Engelsk har «lånt» seg til språktoppen

– Dersom vikingane ikkje hadde plyndra klostera på slutten av 700-talet hadde engelsk truleg ikkje hatt skandinaviske lånord, fortel Kristin Bech, førsteamanuensis i engelsk språk ved Universitetet i Oslo.

Daglegdagse ord som «husband», «window», «cake», «egg» og «law» er blant orda som det engelske språket har lånt frå vikingane og Skandinavia. Meir interessant er det at ei lang rekkje negative ladde ord har blitt lånt etter at vikingane drog på plyndringstokt.

– Eg har lurt veldig mykje på kvifor dei tok inn så mange negative adjektiv, som «muggy», «rotten», «awkward», «weak» og «tattered». Eg veit faktisk ikkje kvifor, men det er interessant. Ein får ikkje akkurat assosiasjonar til sommar og sol, ler Bech i prat med Nynorsk pressekontor.

LES OGSÅ: Engelsk går ut over tryggleiken på jobb

Knuste latinen
Eit lite punkt om vikingane er uklart, men Bech har stålkontroll på 1600 år med engelsk språkhistorie. I boka «Fra englisc til English» fortel ho historia om eit språk som har blitt herja med av Romarriket, invadert av angelsaksarar og som har lånt seg til språktoppen.

– Engelsk har særleg mange lånord frå fransk og latin, noko som i dag gjer at engelsk kan vere vanskeleg å stave for nordmenn, seier Bech.

Latin kunne derimot vore langt meir framståande i engelsk i dag dersom vikingane ikkje hadde tatt turen over Nordsjøen.

– Det som skjedde, var at dei øydela klostera, og klostera var langt framme kunnskapsmessig. Når dei blei øydelagde, forsvann dei lærde som kunne latin. Då måtte dei ta i bruk engelsk også skriftleg, ikkje berre munnleg, fortel språkforskaren, og held fram:

– Om vikingane ikkje plyndra England ville nok latin heldt stand minst gjennom heile Mellomalderen. Latin ville hatt ein sterkare posisjon, men vi ville ikkje hatt så mange tekstar på gammalengelsk.

LES OGSÅ: Dataspel gjer ungdom betre i engelsk

Då Hardråde tapte
Ei anna sentral vending for engelsk var då den franske hertugen Vilhelm av Normandie gjekk sigrande ut av krangelen med Harold Godwinson, som igjen krangla med norske kong Harald Hardråde i år 1066. Alle ville ha den engelske trona. Harald tapte mot Harold ved Stamford Bridge før Vilhelm slo Harold i slaget ved Hastings. Plutseleg var fransk offisielt språk.

– Om Vilhelm ikkje hadde vunne, hadde fransk ikkje fått den store innverknaden på engelsk, med rundt 10.000 lånord. Engelsk hadde vore meir germanskklingande, fortel Bech.

– Kva om Harald Hardråde hadde gått sigrande ut?

– Eg tør ikkje å seie kva som hadde skjedd om Hardråde hadde vunne ved Stamford Bridge. Kanskje norsk hadde vore verdsspråket? seier forskaren humoristisk.

Kva skjer med engelsk etter «Brexit»? EU-topp spår «Tschüss» til engelsk språk i EU

Framsynt norsk skule
I boka får lesaren grundig informasjon om engelsk og historiene om språket, men formidla på ein morosam og lettlesen måte, ifølgje Bech. For språkforskaren er korleis engelsk har utvikla seg til eit verdsspråk, noko av det mest interessante. For nordmenn flest er historia om korleis engelsk blei framandspråk i norsk skule, spesielt interessant.

– På 1800-talet var det britiske imperiet på veg oppover, og då innsåg norske politikarar at engelsk kom til å bli veldig viktig i framtida. USA hadde også blitt etablert og såg ut til å bli ei økonomisk stormakt, forklarer Bech.

– Frå departementshald blei det i 1852 sendt ut brev til skulane i Noreg for å få inn synspunkt om å ta inn engelsk som framandspråk. Då måtte noko anna skyvast ut, og det blei latin, seier forskaren og forfattaren vidare.

LES OGSÅ: Mållaget reagerer på offentleg engelskskule

Fryktar ikkje lånord
I dag bli engelsk prata på alle kontinenta i verda, noko det britiske imperiet og USA som økonomisk og kulturell supermakt har sørgd for, seier Bech. I Noreg fryktar mange at det norske språket blir utradert av engelsken.

– Eg høyrer ikkje til dei som er uroa for mange engelske lånord i norsk språk. Det har med å gjere at eg har greie på engelsk språkhistorie, der eg har sett kor mange lånord engelsk har tatt inn opp gjennom historia.

Bech omtalar England sin relasjon til norsk som perifer, men Noreg sin relasjon til engelsk som veldig nær, noko som spesielt kjem til syne i ungdomsspråk.

– Lånord er ikkje noko å frykte. Frykta for eit språk er om heile domene blir overteke, men førebels er norsk eit svært robust språk, meiner Bech. (©NPK)

Les meir om engelsk i akademia: – Norsk taper i konkurransen mot engelsk som publiseringsspråk, og publiseringspresset forskarane står overfor, har noko av skulda, seier Jorunn Simonsen Thingnes.