Fiska laks på 18 kg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Tysnesbladet.

– Eg fekk den på stang i ei elv i Rogaland i siste halvdel av juli, seier ho.

Meir vil Elin Anita ikkje røpa om kor gigantfisken beit på. Ho har fiska litt før, men ikkje så ekstremt mykje, fortel ho.

– Det var veldig tungt å dra den inn. Det tok ein halvtime til saman, seier Elin Anita.

LES OGSÅ: Norske barn et meir sjokolade enn fisk

– Skulle ikkje fiska så mykje
Ho fortel at ho fekk fangsten då ho var på tur med ektemannen Bjarte Erstad og nokre han kjenner Norges Jakt og Fiskeriforbund.

– Eg tenkte at eg berre var med dei, og skulle eigentleg ikkje fiska så mykje. Dessutan fekk eg beskjed om at eg heldt stanga feil, sidan eg er venstrehendt. Men så kasta eg ut snøret og prøvde nokre gongar, og plutseleg hadde eg fisken på, seier Elin Anita, og forklarar at ho ikkje fekk eta laksen.

– Reglane i Rogaland er at ein må sleppa ut fisken dersom den ikkje har bite på sjølv, og sidan kroken hengte seg i halen på laksen, måtte eg sleppa den uti. Eg er ikkje spesielt glad i fisk så det gjorde meg ingenting, seier ho.

Sjå video av verdas eldste nolevande fisk!

– Fangsten var flaks
Gav fangsten deg lyst til halda fram med fisking?

– Det er gøy å få fisk, i alle fall ein sånn stor ein, så eg hadde nok vore med igjen. Men det skal litt å toppa den opplevinga. Samstundes kjem eg nok ikkje til å bli ein lidenskapeleg fiskar.

Ho meiner gigantfangsten var flaks.

– Eg skal ikkje skryta på meg at eg er ein dyktig fiskar, men det var litt morosamt. Medan dei andre stilte opp med komplett fiskeutstyr, er det eg som får fisk, seier Elin Anita, som til vanleg jobbar i Fitjar Kraftlag.