The Walking Dead i Bergen?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen blei først publisert i Studvest.

– Zombie er mainstream, seier Harald Misje.

Han og Anita Myhre Andresen driv på med Eventyrspill og LAIV til vanleg, og på laurdag 10. september var dei så heldige at Zombie Walk Bergen ville ha dei med som dommarar.

Det er bylørdag, og sola snike seg fram frå skyene innimellom. Det tilseier at byen er fylt med enda fleire folk enn normalt som prøve å åle seg fram frå tilbod til tilbod. Og folk må stoppe og sjå ein ekstra gang når dei passera den blå steinen, for der står ein gjeng med zombiar.

LES OGSÅ: Zombie-spel inn i klasserommet

Internasjonal interesse
Zombie Walk er ifølgje nettstaden deira eit slags kostymetog, der dei kler seg ut som zombiar eller zombiejegarar, og går ei rute gjennom Bergens gater.

Leiar for Zombie Walk, kledd opp i ein blodfylt brudekjole, stig opp på den blå steinen for å ønskje alle velkomen, og fortel om reglane. Reglane er til for at alle, både dei som er med på Zombie Walk, turistar, og dei som ellers er i byn, skal ha det bra, og ikkje bli for skremt.

Myhre Andersen fortel at leiaren for Zombie Walk hadde vore i Canada, der ho såg ein zombiewalk, også fann ho ut at ho ville gjere det i Bergen óg.

– Zombie Walk er internasjonalt, seier ho.

Vanlig sminke er ikkje nok
Ivana Hassani har vore med på Zombie Walk sida det starta for tre år sidan, der ho óg har vore med å arrangere det og vore dommar.

– Då eg fekk vite at det skulle vere i Bergen, så berre MÅTTE eg vere med. Eg har alltid vore fascinert av zombiar. Både spel, film og seriar.

Ikkje berre likar ho å sjå på zombiar, men ho har óg ein hobby i «special effect makeup».

– Sminken i dag tok en time, legg ho til, og seier at ho óg sminka vetlebroren som er med for første gong i år.

Og det verka som om turistane óg hadde interesse for desse zombiane , då mange rundt den blå steinen stoppa opp, og turte å spørje dei imponerande bra sminka zombiane om eit bilete før zombiane byrja å bevege på seg.

Ein ferie frå seg sjølv
– Cosplaymiljøet er blitt større. Det er óg blitt sterkare i Noreg, seier Misje.

Conventions for forskjellige tema innan Science Fiction, fantasy og teikneseriar er vanleg både i Noreg og resten av verda. Og den trekker både yngre og eldre deltakarar.

Kvifor trur de så mange vaksne framleis er med på slike hendingar med utkledning? Er det ikkje flaut?

– Nei! Ein får ferie frå seg sjølv og ein kan gjere noko heilt anna, seier Misje.

– Det er viktig for vaksne å leike. Kvifor skal vaksne slutte å leike? legg han til.

Misje meiner at rollespel generelt kan vere like viktig for vaksne som for barn.

– Ein får innblikk i det å vere ein anna person,

seier han.

– At vaksne er med synest vi er gøy, skyt Myhre Andersen inn.

LES OGSÅ: No er cosplay på skulen

Latter og barneskrik

Det er ikkje berre å spasere ned gata for zombiane på Zombie Walk, dersom dei vil vinne ein premie.

– Det er mange kategoriar som blir premiert. Blant anna skumlaste zombie, best sminke, best kostyme og best innlevelse, seier Harald Misje.

Han og Myhre Andersen går bakerst i toget utkledd som zombiejegarar for å dømme dei brølande zombiane som åla seg ned gata. Etter å ha gått litt, svinger dei inn mot strandgaten gågate. Der kjem ein enda tettare på folk, og ein kan merke stemninga stige. Nokre ungar grin, nokre av folka er kjempebegeistra, og folk som eigentleg ikkje synest noko om det, ler det vekk med ein litt nervøs latter.jk_zombie_09

– Det er gøy å sjå reaksjonane til folk rundt på gata. Nokon er skeptiske, men nokon synest det her er fantastisk, seier Myhre Andersen.

Zombiane tek ein pust i bakken før dei beveger seg sakte, men sikkert vidare gjennom byen.

LEVANDE ROLLESPEL. Harald Misje og Anita Myhre Andersen er ikkje uvande med å ta på seg forskjellige rollar, her som zombiejegarar. FOTO. JACOB KNAGENHJELM

FORSKARAR OM ZOMBIE-INVASJON: – Me er ganske dødsdømte

Faktaboks

Ordforklaring:

Cosplay: (costume play) er ein utkledningsleik, hobby, subkultur og performancekunst der ein person kler seg ut med kostymer og anna utstyr for å likne ein bestemd rollefigur.
LAIV: levande rollespel er ein form for improvisert teater eller rollespel. LAIV er ei fornorsking av ordet “live” i det britiske uttrykket live role-playing (LRP)
Convention: samankomst av folk som driv md cosplay. Gjerne innanfor eit tema.