BOKMELDING: Ruth Lillegraven har skrive si første diktbok for born. Det er dikt for heile livet.

mm

I boka Eg er, eg er, eg er ser me verda frå eit barn, ei jente innbiller eg meg. Ho er vilter, nyfiken, hoppande glad, trist, sint, forelska, sjalu, liten og stor. Ruth Lillegraven skriv godt, med eit levande, innhaldsrikt språk med rytme og bokstavrim:

eg glør og blør og brenn
bølgjar fram og tilbake
opp og ned

Lillegraven har godt blikk for store og mindre ting i livet, og kjenslene me opplever. Dei fleste kan finna dikt å kjenna seg igjen i – både born, ungdom og vaksne. Det handlar om å ta i mot verda som eit barn. For om ein går inn i kjerna i kjenslene våre, så er ikkje forskjellen så stor om ein går i førsteklasse eller er ferdig på universitetet.

Dikta er universelle, men har ståstaden til barnet. Som det så treffande står:

Kanskje er vaksne
berre store barn som
får bestemme sjølve

Dikta kan gjerne gjerne lesast kronologisk, då dei har ei slags historie i seg, organiserte etter årstidene. Kvar årstid opnar med ein flott og fargerik illustrasjon laga av Mari Kanstad Johnsen.

Ruth Lillegraven vart heidra med Brageprisen i 2013 for diktsamlinga Urd. Eg er eg er eg er er ein sterk kandidat til ein ny Bragepris. Dikta tåler å bli lese igjen, og igjen. Dei fortener å bli folkelesnad.

Først publisert på Pirion.no.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

ANNONSE