Skiproffen Andreas Håtveit gav ei gåve av det originale slaget då kona fylte 30 år. No går musikkvideoen viral på nettet.

Mona N. Stensvold, Hallingdølen
Mona N. Stensvold, Hallingdølen

Den tidlegare skiproffen har alltid vore musikkinteressert.

For dei som kjenner han, er det ikkje nokon ukjent sak at sudndølen er god på gitar. Men at han komponerer og syng, er ei ny side. Sundag kveld la han sjølv ut på internett ein eigenkomponert kjærleikslåt til kona, Elise Aasen Håtveit, i høve 30-årsdagen hennar måndag.

– Eg skreiv ein song til henne då me gifta oss, så tenkte eg at no vart ho 30, og eg ville gjere litt stas på henne. 

Ingen musikkarriere

Han sette seg ned med gitaren og notatblokka, resultatet vart låten «Twenty nine for the second time». 

– Eg føler ho fortener ein song i høve dagen. Eg ville bruke det eg er god på og lage litt minner, seier han.

Men nokon musikkarriere satsar han ikkje på.

– Nei, du treng ikkje vere bekymra for at det kjem ei heil plate. Eg begynte å spele gitar då eg var eit par og tjue år, og synest musikk er artig. Til å vere noko eg gjer på hobbybasis, vart det vel ganske greitt.

Nettsuksess

Sundag kveld vart musikkvideoen lagt ut på nett, og på berre nokre timar har han gått som ein hit i sosiale medier. Tysdag føremiddag hadde over 35 000 sett bursdagsgåva på Facebook.

Seinare i haust blir han å sjå i Tv3-programmet «Råskap», der Tiril Sjåstad Christiansen var deltakar i fjor.

Les resten av saka og sjå musikkvideoen hos Hallingdølen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE