Petter Northug er ein av dei mest poetiske idrettsutøvarane, meiner sportspoet Endre Ruset. Han har fått Ulvik-elevar til å skriva idrettsdikt til poesifestival.

mm

– Det var noko nytt i alle fall. Me har ikkje skrive så mykje dikt før, seier Jardar Vikør (15). Saman med klassekameraten Even Hakestad (15) og dei rundt 50 andre elevane på 7. til 10. trinnn ved Brakanes skule har han skrive dikt om idrett til Ulvik poesifestival, som har gått føre seg i helga.

Jardar skreiv eit dikt om snø og slalåm. Diktet til Even handlar om ein annan vinteridrett, isdans. Dei to tiandeklassingane syntest det var spennande å få bruka ti tidlegare i haust til å jobba med dikt. Men kunne dei tenkja seg å gjera meir av det?

– Det hadde ikkje gjort noko. Det var kjekt å skriva dikt, seier Even.

– Ja, men det var utfordrande. Det var vanskeleg å få til rima, seier Jardar.

Jardar er ein av få av elev-poetane som har prøvd seg på å skriva dikt med rim.

– Mange har brukt gjentaking som verkemiddel, og nokon har skrive små poetiske forteljingar, fortel poet og skriverettleiar Endre Ruset.

Han kursa elevane i dikting tidlegare i haust, og gav dei kreative skriveoppgåver med utgangspunkt i idrett – ein viktig del av livet for dei fleste unge, særleg på bygda. Difor er det også lett å hente inspirasjon frå, meiner diktaren.

Vil ha meir diktskriving i skulen
– Det er vanskeleg å skriva om måneskinn på ei sommarfuglvenge viss du ikkje har noko forhold til det. Men fotballsko på ei grasmatte, det har du eit forhold til. Poesi treng ikkje berre handla om høgtsvevande ting, seier Ruset.

Ruset er ein av redaktørane i det litterære sportstidsskriftet Olympiastadion, som mellom anna publiserer dikt om idrett. I 2014 gav han ut ein «boksingel» på Flamme forlag med dikt om den japanske skihopparen Noriaki Kosai, og same året kom også den tredje diktsamlinga hans, Elsket og savnet, på Kolon forlag. Ruset har også halde mange skrivekurs for skuleklassar tidlegare.

– Skriv ein for lite dikt i skulen?

– Eg synest det. Det er ikkje rart dikt blir ei framand form for oss når ein jobbar mest med diktanalyse i skulen. Ein burde tenkja meir learning by doing, la elevane prøva seg og utfalda seg med dikting, då får ein eit mykje meir nært forhold til det, seier Ruset. Han syntest likevel ikkje skrivinga til Ulvik-elevane bar preg av at lite diktetrening.

– Dei har openbart jobba med kreative ting før, for dei var veldig kjappe, og det var ingen som ikkje skreiv.


Elevane sette ut dikta i ei diktløype gjennom Ulvik, mellom anna her ved bautaen utanfor kyrkja. Foto: Ulvik poesifestival

Gir seg sjølv oppgåver
Ei av oppgåvene elevane fekk, var å dikta opp ein ny idrett, mellom anna inspirert av rumpeldunk i Harry Potter-universet. Ei anna oppgåve var å skriva dikt med utgangspunkt i eit estetisk bilete av ein idrettsutøvar.

– Gir du deg sjølv oppgåver når du skriv dikt, også?

– Ja, det gjer eg. Mange av dei same oppgåvene som dei får. Du blir aldri heilt ferdig med den fasen der. Det er ikkje kvar dag du er like inspirert, og då handlar det om å koma seg inn på skrivesporet.

– Har alle ein diktar i seg?

Diktaren må tenkja seg om.

– Det er faktisk eit godt spørsmål. Eg vil kanskje seia nei, nokon er meir kreative enn andre. Me må respektera at ikkje alle synest det er så stas å skriva dikt, og det er heilt greitt.

Vil ha poesi som OL-grein
– Kven er dei mest poetiske idrettsutøvarane?

Diktaren må tenkja seg om igjen.

– Kanskje Roger Federer, tennis er ein veldig poetisk sport. Men også Petter Northug – eg har skrive eit dikt om han. Han har ein sånn poetisk råskap over seg, han er uføreseieleg, seier Ruset.

Diktet «Northug-ekspressen», som Ruset skreiv til ski-VM i Falun i 2015, opnar slik: Det går et drønn i Mördarbakken / Lydmuren er brutt / Er det et tog? / Er det fly? / Nei, se! Der kommer en Mosvik-gutt. Les heile diktet her.

I tillegg til det poetiske i idretten, peikar Ruset også på at det finst element av sport i diktinga.

– Dikt var jo tidlegare ei olympisk grein. I nokon av dei første moderne OL-a var det konkurransar i diktskriving, seier han.

– Burde poesi bli ei OL-grein igjen?

– Det burde absolutt bli det igjen. Det hadde vore veldig gøy.

LES OGSÅ: – Fritt for prompehumor, seier Annlaug Børsheim om barneplata ho slepte med trioen Morgonfrosken på Ulvik poesifestival i helga

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12
ANNONSE