«Inneheld farlige ting»

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fordi vi rett og slett ikkje kan finne oss i at mektige internasjonale teknologigigantar dikterer vilkåra for ytringsfridommen.

Og fordi dei andre som skriv i avisa har begynt å le av meg fordi eg aldri har blitt utestengt frå facebook. Aldri. Ikkje i eit kvarter eingong.

Det er ikkje det at eg ikkje vil, sjølvsagt. Det er ikkje noko eg heller vil enn å legge meg ut med facebook. Facebook er store, rike, politiske, moralske, pripne, inkonsekvente og amerikanske. Altså absolutt alt det vi som skriv i avisa liker å legge oss ut med. Så lenge det ikkje får så store konsekvensar, naturligvis. Og ikkje er skummelt. Dessutan svarer facebook nesten aldri på kritikk. Det er kjempestas. Då kan vi vere tøffe i trynet, vere på parti med ytringsfridommen, og kalle facebook feige. Samtidig slepp vi å få kjeft offentlig. Betre blir det faktisk ikkje.

Men det er ikkje så lett for meg. Dei andre kan berre legge ut eit bilde frå Vietnam-krigen der ei jente ikkje har klede på seg, og vips så har dei blitt offer for sensur og kan delta i den vidare debatten med ein heilt annan pondus. Eg har ei avisspalte utan bilde. Kva skal eg gjere? Det følgjer jo ei teikning med denne spalta, men eg har gitt klar beskjed til teiknaren om at han ikkje må finne på å teikne noko provoserande. Dei kan jo vere livsfarlig. Og slik vil vi ikkje ha det. Eg vil jo ikkje legge meg ut med farlige folk. Eg er ikkje sjuk heller. Eg vil legge meg ut med store rike amerikanarar som ikkje tar til motmæle.

Det kan då ikkje vere for mykje å be om?

Og så skal eg delta i debatten og bli høyrt på. Og då skal eg vere farlig. Og ha rak rygg. Eg skal skrive at facebook må forstå at dei ikkje berre kan ture fram og gjere som dei vil. Eller, det kan dei jo forsåvidt. Og viss vi ikkje liker det dei gjer, så kan vi jo strengt tatt berre velje å ikkje ha noko med facebook å gjere. Men kvar skulle vi publisert debattane om facebook då? Ein plass som ikkje utestenger oss? Då er vitsen vekk.

Poenget er at facebook vil lage eit samfunn der folk ikkje kan seie og skrive det dei vil. Med mindre dei seier og skriv det ein annan plass enn akkurat på facebook, forsåvidt, men det er ikkje poenget.

Kva skal til? Kanskje viss eg skriv nakenbilde ofte nok, så er det nokon i facebook som legg merke til det? Det er vel slikt dei sitt og følgjer med på, er det ikkje?

Nakenbilde nakenbilde nakenbilde nakenbilde nakenbilde nakenbilde. nakenbilde nakenbilde.

Utestengt? Nei? Litt til.

Nakenbilde nakenbile nakenbilde NAKENBILDE NAKENILDE NAKENBILDE!!!!!

Håper ikkje teiknaren teiknar eit nakenbilde, forresten. Det er dritskummelt.

N A K E N B I L D E !!!

Framleis ikkje utestengt? Eg kan ikkje møte dei andre igjen før eg har blitt utestengt. Dei hånler av meg. Himler med auga. Bestiller ikkje til meg i baren.

Okei, kva med dette?

Nakenbilde facebook nakenbilde nakenbilde Zuckerberg Zuckerberg nakenbilde facebook nakenbilde.

Såg de kva eg gjorde der? Hæ? Tøff?

Eg håper forresten det blir lagt merke til at eg heilt konsekvent skriv facebook med liten forbokstav. Eg fryktar ingen!

Kanskje eg skal skrive namnet til facebook-gründeren med liten forbokstav også?

Nei, forresten. Det er unødvendig. Eg vil jo at han skal synest at eg er tøff. Eg vil jo ikkje at han skal bli sint på meg på ordentlig.

Unnskyld.


Først publisert i Aftenposten 10. september

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!