Snart kan du bu på Brann Stadion

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sportsklubben Brann samarbeider med Studentsamskipnaden i Bergen om å riva ein tribune og byggja mellom 250 og 300 leilegheiter i den nye.

Studentsamskipnaden er nøgd med plasseringa nært høgskulen og bybana, skriv Bergens Tidende. Brann held no på å rekna ut kva det vil kosta å byggja.

– Me ønskjer enkelt og greitt så mange studentbustader som mogleg, seier direktør Per Kristian Knutsen i studentsamskipnaden.

Bygginga vil gje Brann ein ny og meir moderne tribune, i tillegg til økonomisk vinst, og Studentsamskipnaden får fleire bustader. Brann har alt hatt eitt møte med kommunen, og handsamingstida i kommunen er avgjerande for kor lang tid bygginga vil ta. Planane ligg innanfor den gjeldande reguleringsplanen. (©NPK)