Legg Bygdalarm på is
Etter ti år med festival i Kvam tar gjengen bak Bygdalarm pause.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Då Bygdalarm starta hadde me som utgangspunkt å sjå om me kunne driva det i fem år. Styret gjekk frå å vera studerande tjueåringar til småbarnsforeldre i 30-åra, og me treng tenkjepause og kanskje justeringar, seier festivalsjef Kirsti Aksnes.
I ei pressemelding listar dei opp fleire grunnar. I tillegg til at dei har vorte småbarnsforeldre, har festivalen slite med økonomien fordi kronekursen er svak og fleire sponsorar har trekt seg.
Færre har meldt seg til å jobba frivillig, men i år greidde dei knapt å dekkja vaktene på festivalen. Arrangørane er likevel opne for ulike Bygdalarm-arrangement i framtida. (©NPK)