iPhone dårlegast å snakke i

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei stor nordisk undersøking hamnar Apples iPhone 6S på botnen når det gjeld rekkevidde og kvalitet på samtalar. Spesielt for dei som held telefonen med venstre hand blir det dårleg kvalitet på samtalane.

Dette kjem fram i ei stor undersøking som telestyresmaktene i Danmark, Noreg og Finland har utført saman. Samanlikna med mange konkurrentar hamnar iPhone 6S langt nede på lista, og det kjem av måten antenna er plassert på inne i telefonen.

Det er professor Gert Frølund Pedersen ved Ålborg universitet som med støtte frå Nordisk ministerråd har utført undersøkinga. Han har kontrollert antennekvaliteten på 26 av dei mest populære mobiltelefonane på marknaden og gjort fleire interessante funn.

– Apple har hatt problem, og dei fortset å ha det. Det ser også ut til at problema blir større på nokre dei nye telefonane deira, noko som er utruleg, seier Pedersen til det danske nyheitsbyrået Ritzau.

Professoren meiner forbrukarar bør vere meir grundige med å sjekke GSM 0+-systema til telefonane før dei vel telefon. (©NPK)

LES OGSÅ: Favorittfilm vart laga med iPhone