DNS frir til studentane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Studvest.

– Bergen er ein studentby, så vi har alltid ønska å engasjere studentane. Men no jobbar vi kanskje meir med å lage gode prosjekt saman med dei, slik at dei ikkje berre blir ei målgruppe, men ein samarbeidspartnar, seier Silje Gripsrud, kommunikasjonsjef på Den Nasjonale Scene (DNS).

I haust vil dei satse på å samarbeide med studentorganisasjonane.

Saman med Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) skal DNS blant anna ha ein teater- og filmquiz på Den Nasjonale Scene den åttende september. Same kvelden tilbys samarbeidsorganisasjonene billigare billetter til ein av førestillingane gjennom boligorganisajsonen OBOS, som også er ein av DNS samarbeidspartnere. Studentane som gruppe har også ein eigen rabatt, både for teater og musikaler, opplyser Gripsrud.

– Studentar er jo ofte dei som snur på krona både to og tre gonger, og dei har ofte eit stramt budsjett som må prioriterast, så studentrabattar og slike tilbod som det her er nok gode verkemiddel, seier Morten Almås, leiar for quizgruppa på Kvarteret.

– DNS har spurt quizgjengen på Kvarteret om å stille med ein quiz, slik at den kulturelle kvelden blir ein innertiar, legg han til.

DNS, OBOS og Realistforeningen (RF) skal og ha eit halloweenvorspiel i teateret den 29. oktober, der ein kan kome og lære om sminking av sår og kutt. Deretter fortsetter festen med heilhusarrangement på Kvarteret.

– Det er fruktbart for oss å ha slike samarbeid. Vi har fått veldig positiv respons frå dei ulike studentorganisasjonane, seier Gripsrud.

Meir krevjande enn kino
– Opplevelsen sit ofte lenger i enn når du ser ein film på netflix. Det er levande menneske framfor deg, seier Gripsrud.

Ho trur dei har potensiale til å nå ut til fleire studentar, og peikar på studentrabatt som eit godt tiltak for å nå ut. Men trass i at prisen ifølge Gripsrud er nesten den same som på kino, er det mange studentar som ikkje nyttar seg av tilbodet.

Studentar er jo ofte dei som snur på krona både to og tre gonger, og dei har ofte eit stramt budsjett som må prioriterast, så studentrabattar og slike tilbod som det her er nok gode verkemiddel, seier Almås.

– Folk trur gjerne det er meir krevande å gå på teater enn på kino. Ein treng ikkje dresse seg opp og planlegge i god tid for å gå på teater, legg Gripsrud til.

Quizansvarleg Almås seier at utanom særskilte studentorganisasjonar, så er det nok ei formeining om at teater er litt snobbete og «for gamle mennesker» og har kanskje ikkje like høg underhaldningsverdi som filmar på kino.

– Dei fleste studentar eg har vore i prat med pleier ikkje å gå ofte på teater med mindre det er eit spesielt stykke, eller om dei kjenner til nokon av skodespelarane. Film og TV er nok den mest populære underhaldninga for unge, legg han til.

Klimaflyktningar og flyktingkrisa på teater
Gripsrud peikar på at ein del av stykkene er aktuelle og kan takast lærdom av for studentar.

– Nokre av stykka viser og til tematikk om dagens situasjon, for eksempel då det fløymer over i Mummidalen og dei blir klimaflyktingar, eller det komiske stykket om Aladdin på flukt, som er eit musikalsk eventyr om flyktningkrisa for dei vaksne, sier Gripsrud.

Ho trur at dei fleste studentar har kjennskap til DNS, men ikkje har nytta noko tilbod her.

– Vi vil bygge ned den terskelen for å ta i bruk teatertilbodet. Inngangsdøra er kanskje tung å opne, men det skal vere lett å tråkke over dørstokken.