Ørjan Zazzera Johansen, Garborgsenteret
Ørjan Zazzera Johansen, Garborgsenteret
Faktaboks

• Garborgløypa er ei digital formidlingsløype i Time kommune på Jæren.
•  I og rundt Arne Garborg sin barndomsheim Garborgheimen, skrivestova Knudaheio og Time kyrkje er meir enn 60 QR-kode-punkt plassert ute i landskapet eller inne i hus og kyrkje.
•  Ved hjelp av telefon eller nettbrett kan alle sjå filmsnuttar eller høyra på lydspor.
•  Innhaldet er henta frå meisterverka Haugtussa og Fred, samt diktarens livshistorie og nokre overraskingar.
• Løypa er på 20 kilometer og opna i april. Ho er produsert av Filmavdelingen i samarbeid med Garborgsenteret.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Garborg var pensum, og etter det har eg lese ein del av Rogalands mørkemann, seier Vegar Hoel.

Skodespelaren var utstillingsansvarleg på Stavanger bibliotek på Sølvberget mellom 1997 og 2001 og er meir enn gjennomsnittleg interessert i litteratur.

– Det var perfekt for meg. Men etter å ha vore skodespelar i Mongoland og United, fekk eg tilbod om hovudrolla i Monstertorsdag. Eg måtte velja mellom å vera i fiksjonen på biblioteket eller filmen, seier Vegar Hoel.

Og om du er i tvil:

– Valet fell på filmen.

Han legg til at det er ikkje noko han har angra mykje på. Hoel er nemleg blitt ein av landets mest nytta film- og TV-skodespelarar: Alt for Egil, Mannen som elsket Yngve, Død snø, Tomme tønner, Kill Buljo, Okkupert… for å nemna noko. Og nå Garborgløypa, den digitale formidlingsløypa i Knudaheio, Garborgheimen og Time kyrkje – der han spelar hovudpersonen i Fred, gestalta etter forfattarens eigen far, Eivind Garborg.

– Å gjera rolla som Enok Hove var fint, og ganske mørkt. Eg opplever karakteren som ein tapt mann, mørk og plaga. Hans pietistiske overtyding manifesterer seg i avhald og sjølvfornekting. Eg sette meg inn i helvetesvisjonen hans og prøvde å oppleva han som reell og ekte.

Filmane og lydfilene med Hoel finn ein hovudsakleg på Garborgheimen, staden Garborg såg føre seg då han skreiv «Fred».

– Litteratur er ein port inn i fiksjonen. Det har alltid fascinert meg koss hjernen målar bilde, stemningar, luktar og heile univers. Å vera skodespelar handlar ofte om å kunna tre inn i andre sin logikk og situasjon, og då hjelper det å ha empatitrening frå litteraturen.

Særleg gjorde det inntrykk på han å spela inn scena «Svovelsyner», der Enok vandrar i ring på stovegolvet i Garborgheimen og resiterer ei salme om helvete:

– Salmen er ein så utruleg dryg visjon at frykta og mørkret kryp raskt inn over huda. Det er som å vera midt i eit Hieronymus Bosch-måleri. Enok er ein ganske så puritansk, religiøs mann. Veldig interessant. Det ligg jo ein angst bak, ei frykt, han er jo ikkje slem, han gjer jo det som han meiner er rett for å redda sin eigen familie frå skjærseld og helvete. Det er rett og slett ein mann som driven av sine demonar og si frykt.

Hoel vart kledd opp av Rogaland teater, som òg sminka han. Det var viktig at han likna så mykje på Enok som mogleg.

Garborg skildrar han slik:

Enok Hove var ein mann på kring førti. Han såg godt ut. Andletet var klart og klokt med store reine drag; det var godsleg og mest barnsleg når han lo; og då tok han seg gjerne om haka med den eine handa. Håret hans var så svart at der meste blåna i det; det var ingen som hadde slikt hår her; luggen ville gjerne fram i panna. Frå øyro ned under haka voks eit tett, brunraudt skjeggeband, som saman med det svarte håret la liksom ei rame om det opne alvorsame andletet. Han var i blå rundtrøye og dobbelspent svart, blank vest; om halsen med den kvitstrokne halsskjorta hadde han eit svart silkeplagg med fin knute, snippane stukne godt innunder vesten. Med det strenge mørke hovudet sitt på dei faste, velbygde akslene såg han annleis ut enn dei andre, mest framandsleg; det var mange som tykte at det liksom stod ein kaldgufs av han.

Enok Hove i Garborgheimen. Foto: Filmavdelingen

– Innspelinga var fin og profesjonell, seier Hoel.

– Roleg og presis. Den usikkerheita eg eventuelt følte let eg Enok-karakteren bruka som bensin på helvetesbålet.

Og om resultatet seier han:

– Filmane fungerer forhåpentlegvis til å kunna gje dei litterære karakterane kjøt og blod, verkeleg visa at staden og teksten er same stad. At Garborg sin inspirasjon er henta frå ein ekte stad og faktiske opplevingar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

Kommentarar

ANNONSE