Full skjerping!


Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Eg blir forbanna. Er vi ikkje betre?»

Eg blir lei meg. Eg blir forbanna. Er dette verkelig det vi har? Er vi ikkje betre enn dette?

Ein må kunne forvente litt meir av oss som lever av å formidle nyheiter og analysar av viktige samfunnsforhold til folk. Det finst så verkelig viktigare ting å skrive om frå ei høyring om forsvaret enn Trine Skei Grandes hobbyar. Dette handlar trass alt om store tema som samfunnets sårbarheit, Norges avhengigheit av NATO, dronar, framtida til norske basar, samanslåing av avdelingar, vern av kysten, distriktsomsyn, kampkraft, investeringar, greier, ord, saker, ting, fleire greier, meir ord…
Unnskyld, eg duppa av litt der.

Altså. Viktige ting. Treningsbase. Transport og forsyning, sivile bidrag, kystjegerkommando, strategi, teknologi, krig og fred, politikk, havet og kjærleiken, og no begynner det å regne igjen, gitt, det var irriterande, eg som hadde tenkt å rusle meg ein tur etterpå, kanskje sette meg i ein park…

Unnskyld, der mista eg tråden igjen.

Uansett, poenget er: Viss ikkje vi som skriv i avisa synest at det er interessant nok å skrive om framtida for den norske tryggleiken, då kan vi like godt la det vere, og heller skrive om noko heilt anna.

Og det gjer vi jo for så vidt også. Og då skriv vi om burkini. Og dette gjer meg også oppgitt. For: Kvifor må alle vi som skriv i avisa skrive kommentarar der vi meiner akkurat dei same opplagte tinga om det franske forbodet mot å vere religiøst påkledd på badestranda? Kan vi ikkje forvente litt meir? Løfte blikket litt? Vi snakkar her om vår tids kanskje største og mest komplekse saksområde, eit område som gjeld oss alle i større eller mindre grad. Er verkelig ei badedrakt det einaste vi klarer å seie noko fornuftig om? Kvar er alle vi som skriv i avisa når det er snakk om å sjå det større bildet? Nyansane? Det store spørsmålet om korleis vi oppnår ein fungerande fredelig sameksistens i ei tid av frykt, ein frykt som ikkje er utan grunn, om dei historiske linjene, nyansane, kampen mellom fridommane, nyansane, eit samfunns moralske grunnmur, nyansane, burkini er eit ganske artig ord, forresten. Godt komme på. Burka + bikini. Ti hi.

MEN DET ER IKKJE POENGET! Fokus no, fokus!

Poenget er dei andre greiene eg skreiv om. Nyansane. Stigma. Kvinnesyn. Nyansane. Offentlig stad. Strand. Den som kunne vore på ei strand. Det hadde vore noko.

Eit svaberg. Litt vind. Lukta av solkrem. Og etterpå: Ein kald øl på ein utekafé, med saltvatn i håret. Men det toget har gått. Det er haust no. Snart september. Det er eit år til neste gong.

Unnskyld, der datt eg ut litt. Kva var det eg skreiv om igjen?

Jo! Pokémon Go.

Eller nei. Forsvarsevna vår, meiner eg. Det var det eg skreiv om. Nordområda. Nyansane. Verdiane. Sameksistens. Det der. Eller? Nei. Det var eg ferdig med. Burkini!

Eller nei, ikkje burkini. Det blir for lettvint. Kven skal bestemme kva vi skal ha lov til å ha på oss, liksom. La di da. Det er ein bagatell. Dette handlar om vilkåra for sameksistens. Religion. Nyansane. Ikkje sette grupper opp mot kvarandre, sekularisme, vestlig liberal tradisjon, krig og fred, politikk, havet og kjærleiken…
Dette har eg då skrive ein gong før? Har eg ikkje?

Hm. Uansett. Nyansane. Alt det der. Det finst ordentlige ting å skrive om. Som burde vere spennande nok. Det krev berre litt meir arbeid. Litt meir tankekraft. Vi må ikkje veit teite. Det var berre det.

Ja nei, skulle ein ha tatt seg ein tur ut då? Ser ut til at regnet gir seg no.


Publisert i Aftenposten 27. august.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!