Få politijobbar for nyutdanna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei spørjegransking som Politiets Fellesforbund har fått gjennomført, oppgir snautt 4 prosent at dei har fått fast jobb i politiet, skriv Politiforum.

Av kullet på til saman 721 personar, svarte 605 på undersøkinga. 23 av desse hadde fått fast jobb. Samtidig oppgav 288, eller 47,6 prosent, at dei ikkje har jobb i politiet i dag.

Politiforum har gått gjennom kor mange ledige jobbar som dei nyutdanna kan søke på, det vil seie politibetjent 1-stillingar. Ifølgje fagbladet er det berre 15 jobbar tilgjengeleg, fordelt på sju faste stillingar og åtte vikariat. (©NPK)