Her spelar Daniel Kvammen minikonsert på bussplassen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Minikonsert på bussplassen

Først publisert på Porten.no.

Lærdal: Dei var ikkje mange, men dei som tilfeldigvis skulle reise med buss måndag ettermiddag fekk seg ei musikalsk overrasking då Daniel Kvammen steig ut og tok ein trall på skysstasjonen i Lærdal.

26-åringen frå Geilo, kjend for den umåteleg populære songen «Du fortenar ein som meg», er i desse dagar aktuell med turneen «Express Tour 2016», eit stunt han gjer i samarbeid busselskapet Nettbuss.

Sjå video og bilete frå konsertane i Sogn nedst i artikkelen.

I løpet av turneen skal Kvammen spele minikonsertar rundt omkring i landet på 50 av Nettbuss sine 1341 haldeplassar. 

Artikkelen held fram under biletet.

I SOGN: Daniel Kvammen stod for underhaldninga ved Lærdal rådhus måndag ettermiddag. Foto: Jan Christian Jerving.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Turneen starta på Oslo lufthavn sist søndag. Måndag var han på plass i Sogn med stoppestader som Fjærland, Mannheller ferjekai, Lærdal rådhus, vidare til Håbakken og Borlag vegkryss før dei avslutta dagen i Hemsedal.

Blant publikum i Lærdal var dei ei som fylte år, og ho fekk difor bestemme låt – «Du fortenar ein som meg».