Millennium-generasjonen vert vaksne – og barnlause

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Droppar barn

Trenden er til stades i heile den vestlege verda. Millennium-generasjonen, det vil seie dei som er fødd mellom starten av 1980-talet og tusenårsskiftet, ventar stadig lenger med det meste. Huskjøp, ekteskap, fast jobb og barn skjer stadig seinare i livet til den nye vaksengenerasjonen. Mange av dei er hardt råka av den økonomiske krisa, der mange må setje livet på vent på ubestemt tid.

Millennium-generasjonen er no i den fruktbare alderen. Aldersspennet til denne generasjonen er no mellom 15 og 35 år, noko som syner at familievala til denne generasjonen vil slå stadig meir ut på fødselsstatistikken. 

LES OGSÅ: – Det må vere lov til å prøve å bli pappa

Lenge i Europa-toppen
Lenge har Noreg vore eit unntak frå fødselsutviklinga elles i Europa. Etter at kvinner for alvor blei ein del av arbeidsmarknaden på 1970-talet, og prevensjon og abort stadig meir utbredt, var det mange som frykta eit skarpt fall i talet på barn norske kvinner får. Likevel har norske kvinner stort sett halde seg blant dei mest fruktbare i Europa.

Men det kan no sjå ut som om barnløysa har meldt sitt inntog også i Noreg. Berre for fem år sidan fekk kvinner i snitt 1,98 barn i løpet av den fruktbare alderen. Fem år seinare, i 2015, var det same talet gått ned til berre 1,76, det lågaste på 30 år. Tal frå SSB viser også at alder for førstegongsfødande også har auka markant. I dag er gjennomsnittsalderen for å bli mor for første gong 28,9 år (31,4 år for far]. I 1990 var talet 25,5 år.

– Ser ein på fruktbarheita i Noreg er dette eit sterkt fall på så kort tid. Det er mykje som tyder på at fødselstala vil halde fram med å gå ned dersom dei økonomiske nedgangstidene held fram, fortel Lars Dommermuth (bildet) ved SSB.

LES OGSÅ: Gratis prevensjon til unge kvinner

Skuldar på økonomi og utdanning
Det er ikkje vanskeleg å peike på økonomiske faktorar når ein vil forklare barnløysa i søreuropeiske land. Men i Noreg har det vore gode økonomiske tider store deler av dei siste åra ein har sett nedgang i barnløysa. SSB forklarar likevel nedgangen med økonomiske årsaker som lengre utdanningslaup, vanskeleg bustadmarknad og vanskar med å få fast jobb.

– Det er vanskeleg å konkludere når det gjeld årsaker. Arbeidsløysa blant dei unge vaksne har ikkje auka noko særleg fram til i dag, men me trur at merksemda rundt økonomisk nedgang gjer at unge vaksne vert meir forsiktige med å danne familie.

– Det me veit er at lengre utdanningslaup fører til at kvinner får første barn seinare, dermed blir det mindre sannsyn for å få fleire enn to barn. Dette er noko me ønskjer å finne meir ut av, seier Dommermuth.

LES OGSÅ: Kor fort går eigentleg dei biologiske klokka?

Mot til å få barn?
At kvinner får seinare og færre barn er noko dei fleste forklarer med økonomiske omsyn. Leiar i Jordmorforeninga Kirsten Jørgensen (bildet) sa til nettstaden Babyverden.no at «Det er ein trugande demografi (…) Dei må våga å få barn utan at det står i vegen for ein sunn økonomi og framtidige arbeidsmoglegheiter».

Men handlar det berre om «å våga»?

Kan økonomiske omsyn aleine forklare nedgangen, all den tid Noreg blir kåra til det beste landet i verda å få barn i, med velferdsgode dei fleste land berre kan drøyma om?

I Noreg er det forska lite på kva slags forhold den nye vaksengenerasjonen har til familieliv og det å få barn. Men i USA er det forska mykje på Millennium-generasjonen, der denne generasjonen no har den lågaste fødselsraten i amerikansk historie. I tillegg til vanskeleg økonomi som forklaring, viser undersøkingar at mange rett og slett prioriterer det vekk til fordel for reising, spennande karrierar og sjølvrealisering.

Tabell: SBB

LES OGSÅ: Passiv adopsjonspolitikk

Idealistiske og sjølvrealiserande
Ein ny studie ved Wharton School of Business i USA viste at berre 42 prosent av dei kvinnelege studentane har planar om å få barn. Talet frå ein liknande studie frå 1992 var på 72 prosent. Dei som ikkje ønskte barn, forklarte mellom anna at det rett og slett er «for mykje å bli foreldre i dagens kaotiske, digitale, globale og usikre verd». Mange svarte at dei er opptekne av å gjere verda til ein betre stad, men at ein betre måte å gjere dette på er gjennom karriere og ideelle organisasjonar. Viktig for kvinnene var også at det å få barn vil gå på bekostning av tida dei har til å ta vare på seg sjølv, spesielt med tanke på trening og helse.

Aksel Sterri er sjølv ambivalent til å få barn. Foto: Erik Dyrhaug

– Avgrensar livet
Dagbladet-kommentator Aksel Braanen Sterri (29) kjenner seg att i dette. Født på slutten av 1980-talet er han ein ekte representant for Millennium-generasjonen. I fjor skreiv han ein kommentar i Dagbladet om kvifor han sjølv er ambivalent til det å få barn.

– Eg tenkjer at det å få barn er ein av dei største avgrensingane du kan ha i livet ditt. Du kan alltid selje ein bustad eller slutte i jobben, men barn har ingen angrefrist. I tillegg verker det som du forandrar deg mykje som menneske etter du får barn, og dei referansane du har hatt blir endra for alltid.

LES OGSÅ: Dei i 20-åra er lukkelegast

– Ikkje egoisme
Sterri er ikkje overtydd om at det berre er materielle forklaringar som er årsaka til at fødselsraten er dalande i Noreg, som i andre vestlege land.

– Det er freistande å gå til materielle forklaringar, og det er nok mykje sanning i dei. Men eg trur det også handlar om at vår generasjon tenkjer mykje meir grundig gjennom om når det passer å få barn eller om det passar i det heile. Ein tek mykje meir strategiske val om framtida.

Er Millennium-generasjonen ein egoistisk generasjon som har nok med seg sjølv?

– Det kan nok vere at unge vaksne i dag er veldig opptekne av sine eigne livsprosjekt. Men det vil eg ikkje nødvendigvis kalle for egoisme. Sjølv om ein er oppteken av seg sjølv og prosjekta sine, kan det innebere frivillig arbeid og det å vere engasjert i klima og miljø. Ein kan jo spare pengar på ikkje å få barn som kan vere med på å redde andre barn frå malaria og tropiske sjukdommar, seier Sterri.

LES OGSÅ: Norske fedrar i særstilling

Fødde barn per 1000 kvinner innanfor ulike aldersgrupper:

Faktaboks

Fruktbarheita til norske kvinner har falle sidan 2009.
Samla fruktbarheitstal tilsvarer summen av eittårige aldersspesifikke fruktbarheitsrater for kvinner i alderen 15-49 år.
Les den nye rapporten til SSB om folketalsframskrivingar og fruktbarheit!