Menneskeskapte klimaendringar sender temperaturen på jorda til himmels.

NPK-NTB-AP
NPK-NTB-AP

Aldri tidlegare har NASA registrert ein varmare månad enn juli i år.

Ifølgje NASA-berekningane var juli i år 0.84 grader varmare enn det globale gjennomsnittet for perioden 1950 til 1980. Juli i år slår dei tidlegare varmerekordane sett i same månad i 2011 og 2015. På fjerdeplass på lista over dei varmaste månadane registrert er juli i 2009. August 2014 rundar av topp fem-lista.

Forskarar skuldar hovudsakleg på menneskeskapte klimaendringar, i tillegg til vêrfenomenet El Niño.

Juli i år er den tiande månaden på rad med rekordhøge temperaturar.

– Det skumle er at vi er på veg inn i ei tid der det vil vere ei overrasking kvar einaste gong ein månad eller eit år ikkje er blant dei varmaste som er registrert, seier klimaforskar Chris Field ved the Carnegie Institution og Stanford University.

NASAs temperaturmålingar strekkjer seg tilbake til 1880. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE