Tyrkia avskaffar seksuell lågalder

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konstitusjonsdomstolen i Tyrkia har bestemt at seksuelle handlingar mot born under 15 år ikkje lenger er straffbare.

Akademikarar og menneskerettsaktivistar reagerer sterkt på dommen, ifølgje den tyrkiske avisa Hürriyet.

Konstitusjonsdomstolen tok opp saka til vurdering etter at ein lokal domstol meiner dagens lov ikkje skil mellom misbruk av barn, og behandlar ein fireåring på linje med ein 14-åring.

Saka blei avgjort med seks mot sju stemmer i konstitusjonsdomstolen. Frå 13. januar vil dermed lova mot misbruk av barn slutta å gjelda.

– Viss ikkje saka blir endra fort, kan barnemisbrukarar gå fri, fordi det ikkje er nokon reguleringar, seier Aysun Baransel, ifølgje Hürriyet. Ho er generalsekretær i ei tyrkisk foreining som jobbar med å hindra misbruk og vanstell av barn.

LES OGSÅ: Musikkvideo redda Sonita (16) frå å bli barnebrud

Fryktar fleire barnebruder
Ifølgje kvinneforeiningar i Tyrkia kan dommen bety at talet på tvangsgifta barnebruder vil gå opp. Det er rekna med at Tyrkia allereie har 3,5 millionar barnebruder.

Den tyrkiske føderasjonen av kvinneforeiningar vurderer no om dei kan anka dommen til Den europeiske menneskerettsdomstolen.

– Saka viser eit tydeleg behov for å reformere grunnlova av 1982 – innført av kuppleiarane frå 1980 – som svekka menneskerettane si stilling i Tyrkia, skriv Tyrkia-kjennar Morten Myksvoll i ein kommentar på Tyrkisk Politikk på Facebook.

LES OGSÅ: Løgna som redda ho frå å bli barnebrud