Verdas eldste nolevande fisk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fram til no har forskarane visst svært lite om biologien og levesettet til håkjerringa. Men no har marinbiologar frå UiT Noregs arktiske universitet og Københavns Universitet funne ein metode som avslører ein av løyndommane til den gåtefulle haien, skriv Universitetet i Tromsø på nettsidene sine.

Ved hjelp av karbon-14-datering av augelinsa, har forskarane klart å finne alderen til håkjerringa, og den er ikkje til å kimse av. Arten blir nemleg ikkje kjønnsmoden før han er 130 år gammal, og har ein levealder på mellom 270 og 510 år.

LES OGSÅ: Det skjulte universet i fjordane

Metoden karbon-14-datering er vanleg i arkeologien, men han kan også brukast på håkjerring fordi ho blir så ekstremt gammal.

– Håkjerringa er blant dei største kjøttetande haiane i verda, og rolla ho har som toppredator i det arktiske økosystemet er totalt oversett. Det blir fanga tusenvis av slike haiar i Nord-Atlanteren som utilsikta bifangst, og eg håpar at våre studiar kan bidra til meir fokus på arten i framtida, seier PhD-student Julius Nielsen (bildet) ved Biologisk institutt, Københavns Universitet.

Den største håkjerringa som er tatt i sportsfiske i Noreg er 1099,3 kilo. Les meir om håkjerringfiske her!

LES OGSÅ: Fiske kan redde oss – og øydelegge hav