Kjønnspoeng er ein dårleg idé

Kjønnspoeng er kanskje noko som gir resultat på kort sikt, men me arbeider for framtida.

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter opptakstala vart klare har fleire personar vore ute og sagt at kjønnspoeng er nødvendig for reell likestilling i akademia. Me meiner dette er heilt feil, og at såkalla «positiv diskriminering» er ein dårleg idé. Det er mange andre gode tiltak som gjer meir nytte for seg ved å rekruttere strategisk. Me ynskjer ikkje å gi søkarar betre eller dårlegare vilkår direkte, men få fleire dyktige elevar til å søke opptak ved våre studieprogram.

Sjukepleiarstudia har det siste året gjennomført kampanjen «Mann kan bli sykepleier». Dette har vore med på å få nesten 4000 fleire menn til å søke sjukepleiarutdanning, ein auke på 40 % frå i fjor. I motsatt retning har tala frå industriell økonomi og teknologileiing ved NTNU blitt trekt fram. I fjor var det «perfekt» kjønnsbalanse, med tilbod til 110 kvinner og 110 menn. I år var det derimot 53 kvinner og 171 menn som fekk tilbod om studieplass. Nokon meiner dette skuldast fjerning av kjønnspoeng. Då hoppar ein glatt over konjukturar i teknologibransjane, der me også ser ein generell nedgang i talet på søkarar. Mange av dei «manglande» søkarane er kvinner. Kanskje er den usikre arbeidsmarknaden i petroleumsindustrien å skulde på? Det blir for enkelt å påstå at fjerning av kjønnspoeng har skulda. Årsakene er samansette, og me må heller finne ut korleis me får jentene til å søke seg til teknologistudia att. Andre rekrutteringstiltak, samt tiltak for å få kvinner (og menn) til å faktisk fullføre graden sin, er det me bør gjere!

Fakultet for teknologi ved NTNU hadde store utfordringar med kvinneandelen sin. Då innførte dei fleire tiltak for å både få jenter til å søke seg til fakultetet, og tiltak for å halde på dei som starta. Fakultetet arrangerer inspirasjonssamlingar og syner fram kvinnelege rollemodellar for dei potensielle studentane. Vidare blir det arrangert «jentelunsj» med nettverksbygging mellom dei kvinnelege studentane på fakultetet. 

Resultata er oppsiktsvekkande. Ikkje berre er kjønnsbalansen betra, men fråfallet for begge kjønn er redusert til ti prosent!

Tiltaka frå Fakultet for teknologi er også overførbare til andre utdanningar og motsatt kjønn. I ein rapport frå fakultetet skriv dei at utdanningane ved fakultet for helse- og sosialvitskap bør gjere tilsvarande grep. Kan NTNU vise at me ynskjer endå fleire menn i helseutdanningane ved å invitere gutar til inspirasjonsdagar? Kan me arrangere lunsj for mannlege studentar i helseutdanningane? Kan me prioritere å skaffe fleire mannlege rettleiarar i praksisperiodene?

Strategiske, gjennomtenkte grep har god effekt. Ved å inspirere og motivere aukar me både søkartal og fullføringsgraden. Slik oppnår me reell likestilling i akademia. Kjønnspoeng er kanskje noko som gir resultat på kort sikt, men me arbeider for framtida.

LES OGSÅ: Kjønnspoeng – òg til menn