– Det vart ein tur litt utanom det vanlege, smiler Iver Lund Aakre, fjellførar i «Fyrst og fremst».

Vigdis Kroken, Fjuken.no
Vigdis Kroken, Fjuken.no

Iver Lund Aakre har hatt ein travel sommar. Nyetablerte «Fyrst og fremst» har hatt mange kundar og mange turar i sommar. I går, onsdag, fylgde han katten Jesperpus og eigaren hans til Galdhøpiggen. Jesperpus er kjendis, han vart både kjend og populær da TV2 for nokre månader sidan laga ein video av han i skiløypa.

– Eg må seia eg vart overraska da eg fekk spørsmål om følgje ein katt til topps på Galdhøpiggen. Det var eit artig og spesielt spørsmål, seier Iver. Han fortel at dei starta turen frå Juvasshytta klokka 06.00 onsdag morgon. Det var for å vera fyrst ute, slik at dei kunne få fred og ro til å fotografere.

– Fokuset var å ta mange fine bilde. Jesperpus hadde det godt og trygt heile turen. Han sat mykje i sekken og kosa seg. Han duppa litt òg.

LES OGSÅ: Har du fått med deg siste apenytt?

– Ein uvanleg katt?

– Eg tykte vel eigentleg at han var ein ganske vanleg katt, eg, ler Iver.

– Men det var tydeleg at han hadde vorte mykje fotografert, for han var ganske flink til å sitja roleg.

Etter tre timar, klokka 09.00, nådde dei toppen. Vêret var strålande, det var vindstilt og steikjande sol.

– Vi var to timar på toppen. Alt i alt vart det ein spennande tur og ei artig oppleving, og eg er ganske sikker på at Jesperpus er den fyrste katten som har vore på Galdhøpiggen. Eg har iallfall ikkje høyrt om andre kattar som har vore der, seier fjellførar Iver.

Les saka i Fjuken!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

ANNONSE