Vil byggja penare kropp i gymtimane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lei av ballspel - vil ha finare kropp

Elevar er meir opptekne av at gymlæraren skal vera meir som ein personleg trenar. Dei er lei ballspel, og vil heller byggja ein penare kropp. Det viser ein studie frå Høgskulen i Oslo og Akershus.

Professor ved Noregs idrettshøgskule Yngar Ommundsen seier til Forskning.no at medan ein snakkar om å styrkte grunnleggjande dugleikar i matematikk, lesing og skriving, er det mindre merksemd om fysiske og motoriske dugleikar.

Han har nyleg skrive eit kapittel om det i antologien «Motorikk i didaktisk perspektiv».

LES OGSÅ: Gym kvar dag gir flinkare elevar

Svekte motoriske dugleikar
Ommundsen viser til at dei motoriske dugleikane går ned. Nederlandske forskarar har funne at barn mellom 9 og 12 år hadde dårlegare nevromotorisk kompetanse i 2006 enn i 1980. Det gjeld auge-hand-koordinasjon, balanse, snøggleik, spenst og rørsle.

– God motorikk gjev grunnlag for å løyse ulike rørsleoppgåver og må vurderast som ein sentral livsdugleik. Den har mykje å seia for god funksjon og deltaking i arbeid og fritidsliv, seier Ommundsen.

Ifølgje professoren er barn med gode motoriske dugleikar meir fysisk aktive enn andre, og at skilnaden aukar med alderen. Han meiner det kan føra til sosial eksklusjon i leik og spel.

LES OGSÅ: No skal innsats telje i gym