Demonstrerer mot valdtektsdom over heile landet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka blei først publisert på Porten.no!

Lærdal: Etter at ho stod fram med si historie tidlegare denne veka, har stadig fleire engasjert seg i debatten som omhandlar valdtektsdommar og rettssystemet i Noreg. 

Det er organisasjonen Kvinnefronten som har teke initiativ til demonstrasjonen i fleire av Noregs største byar måndag. Også i heimbygda til Voldum, Lærdal, skal det demonstrerast.

Anne Sofie Ljøsne, Bente Øien Hauge, Inger Bakken, Marianne Øren og Gunn Beate Sjøthun er initiativtakarane. Dei oppmodar alle til å møte opp til markeringa 18.00 utanfor rådhuset i kommunen.

– Me  ønskjer å setja søkjelyset på det urettvise i denne saka og slå ring om ein sambygding. Men denne saka avdekkar òg at systemet sviktar. Valdtekt må straffast, jenter må tora anmelda valdtekt og politiet må ta meldingane på alvor, seier Inger Bakken. 

Etter at lagmannsretten frikjente tre menn tiltalt for å ha dopa ned og valdteke Andrea Voldum, stod ho fram med si historie. Ho meiner mennene er farlege. 

– Eg stiller spørsmål til jury og meddomsrett i så alvorlege saker. Eg meiner det er feil å plukke folk frå gata som ikkje har kompetanse innanfor til dømes valdtekt, sa Voldum til Porten.no.

Les også: Advokat til valdtektsfrikjent: – Alle truslar vert anmeldt

Vil vise solidaritet med sambygding
Trass i at fleirtalet i meddomsretten meinte mennene var skuldige, vart dei likevel frikjend. Årsaka er at det krevst eit fleirtal på fem av sju dommarar. Mindretalet, som bestod berre av lekdommarar, meinte det ikkje er bevist at dei tiltalte forstod at Voldum var i ein slik tilstand at ho ikkje kunne motsette seg dei seksuelle handlingane. 

– Det er sjølvsagt ekstra sterkt for oss at jenta er vår sambygding, og det minner oss på at det kunne skjedd kven som helst. 

– Me krev rettstryggleik for alle valdtektsoffer og ønskjer å visa solidaritet med vår modige sambygding, som har stått fram i media og sett i gang dette opprøret.

Les heile saka på Porten.no!