Fleire utan læreplass

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Ryfylke.

– Det er ikkje kjekt, ein vil jo helst ha læreplass slik at ein kan fullføre utdanninga, seier Bjelland.

– Og så er det dumt at vi går to år på skule for å fullføre ei utdanning, men så blir vi ikkje ferdige likevel, supplerer Rolfsen.

Både ho og Bjelland er ferdig med to år på elektrofaglinja ved Sauda vidaregåande skule. Dei fortel at omlag halvparten av klassa på 15 står utan læreplass i haust. Nokre bedrifter tar inn færre lærlingar i år, medan nokre ikkje tar inn ein einaste lærling. Sjølv om det er skuffande, er det for begge to forståeleg.

– Det er jo dårlege tider, og ikkje vits å ta inn lærlingar viss det ikkje er noko å gjere, seier Kristoffer Bjelland, som har vore på intervju både i Nord-Norge, Stavanger og på Stord, for å nemne nokre.

Totalt i Rogaland er det per dags dato 578 elevar som står utan læreplass i dei forskjellige faga. Seks av dei er frå Sauda. Talet er ikkje så høgt som frykta ifølge Fylkeskommunen, men dei høge tala gjeld særleg elektro- og industrifag.

– Det er mange elevar som har gjort alt rett, men likevel ikkje får plass. Nokre bedrifter tar i mot lærlingar, og har alltid gjort det, medan andre tar inn færre enn dei pleier. Kontraktar og arbeidsmengd har mykje å seie, og når tidene er vanskelege så er det igjen mykje vanskelegare å få lærlingplass, fortel Jofrid Fludal, kontorleiar Haugesund, seksjon for fag- og yrkesopplæring i Rogaland fylkeskommune.