Inga gevinst av tanntråd

USA har fjerna tanntråd-råd.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tanntråd-funn overraskar

Forsking viser ikkje at bruk av tanntråd verkeleg beskyttar mot hol i tennene og sjukdommar i tannkjøtet, slik tannlegar, helsemyndigheiter og tannhygieneprodusentar har hevda i tiår.

Styresmaktene i USA har tilrådd bruk av tanntråd i ernæringsrettleiinga sidan 1979. Rettleiinga er lovpålagt å vere basert på vitskapeleg bevis, og i fjor bad nyheitsbyrået AP fleire departement om å få vite grunnlaget for rådet. Då styresmaktene publiserte ernæringsrettleiinga i år var bruk av tanntråd fjerna som råd, utan noka vidare forklaring. I eit brev til AP bekrefta regjeringa at effektiviteten av tanntråd aldri har blitt forska på.

Nyheitsbyrået har sett på 25 større studiar som hovudsakleg samanlikna bruk av tannkost sett opp mot bruk av både tannkost og tanntråd. Beviset for at tanntråd fungerer blir omtalt som svakt og veldig upåliteleg.

– Det er viktig å be folk om å gjere det grunnleggjande. Tanntråd er ikkje ein del av det grunnleggjande, seier tannlege Damien Walmsley, som er vitskapeleg rådgjevar for den britiske tannlegeforeininga. Tannlege Tim Iafolla ved helsemyndigheita NIH seier på si side at han vil fortsette å oppfordre amerikanarar til å bruke tanntråd.

– Det er låg risiko og liten kostnad. Vi veit at det er ei moglegheit for at det fungerer, så vi er komfortable med å be folk om å gjere det, seier han. (©NPK)