«Skummelt å starta på vaksenlivet»

Rikke Næss
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er skummelt å gå vidare. Det er skummelt å flytta frå heimen. Det er skummelt å starta på vaksenlivet. Det er skummelt å stå på eigne bein. Det er skummelt å ta nye val åleine, å vera endå meir sjølvstendig enn før. Men det er jo sjølvsagt noko spennande med det óg.

No byrjar snart eit nytt skulesemester. Eg, inkludert so mange fleire, går kvar vår veg innan utdanning. Me tek eigne val, ordnar oss sjølve. Vemodig, men spennande. Nytt system, nye ansikt, nye oppgåver. Alt er liksom nytt, og det blir ein første gong for alt – på so mange måtar. 

Vaksenlivet startar no. Betaling av husleige, handling av mat og mykje meir. Du veit, dei vaksen-tinga ein berre må gjera sjølv når ein har flytta vekk frå heimen. Det å stå på eigne bein veks ein liksom på. Ein får eit anna perspektiv på ting. 

Ein veit ikkje kva som ventar ein når ein startar på noko anna. Som sagt skummelt, men eg er klar. Klar for nye utfordringar, klar for å feila og å læra, klar for nye ansikt og nye tider, og klar for å få ei utdanning, som er so viktig!

Ny student? Les meir om livet som ny student her!