Halvparten av veljarane i USA mislikar Clinton og Trump, og 60 prosent vil ha eit anna alternativ. Er dette året då ein tredje kandidat kan bryta gjennom?
mm

Jill Stein frå Det grøne partiet og Gary Johnson frå Det libertarianske partiet håper begge å utnytta misnøya med kandidatane frå dei to store partia. Men kan dei lykkast? Valforskar Hilmar Mjelde ved Uni Research Rokkansenteret gir eit kontant svar:

– Nei, overhovudet ikkje. Det er ein milliard prosent sikkert at dei har null sjanse, seier han.

Upopulære kandidatar
Kvifor han meiner det, kjem me tilbake til. Først litt om bakgrunnen for at spørsmålet blir stilt:

Anten du spør demokratiske eller republikanske veljarar, seier nesten ein tredel at dei ikkje har eit fordelaktig syn på «sin» kandidat. I alt har nesten halvparten av veljarane eit «sterkt ufordelaktig» syn på Hillary Clinton; endå fleire seier det same om Donald Trump. Misnøyen var synleg under konventa til begge dei store partia dei siste vekene.

Når fleirtalet av veljarane i tillegg seier at dei ønskjer seg eit tredje, stort parti som alternativ til Demokratane og Republikanarane, er det ikkje så rart at nokon augnar eit vindauge til å endeleg utfordra topartisystemet.

Marihuana og budsjettbalanse
«People are hungry to vote FOR someone as opposed to voting against someone else», seier libertarianaren Gary Johnson, som i dag er den som ligg klart best an av kandidatane frå dei mindre partia. Han er tidlegare republikansk guvernør i New Mexico, og profilerer seg mellom anna på at han vil fjerna underskottet på statsbudsjettet og legalisera marihuana. På dei beste målingane sine – mellom anna ei måling frå CBS News i går – får han 10 prosent støtte.

Johnson var også kandidat ved sist presidentval i 2012. Då fekk han 1 prosent av røystene.


Valkampvideo for presidentkandidat Gary Johnson og visepresidentkandidat William Weld frå Det libertarianske partiet.

Som eks-republikanar med tung politisk erfaring håper Johnson særleg å vinna støtte blant konservative veljarar som aldri kan tenka seg å røysta på Donald Trump.

«Jill not Hill»
Også den grøne kandidaten, Jill Stein, appellerer til misnøyen blant veljarane i sin kampanje. «Forget the lesser evil, fight for the greater good», sa ho med klar melding til dei skuffa tilhengarane av Bernie Sanders etter at Clinton vann nominasjonen. Slagordet «Jill not Hill» gjekk att blant mange av aksjonistane under det demokratiske konventet sist veke.

Stein noterer seg opp mot 6 prosent støtte på målingane der ho er med. Ho er venta å bli formelt nominert som presidentkandidat under konventet til Det grøne partiet til helga. Stein er lege, og markerer seg som forkjempar for radikalt miljøvern og grasrotdemokrati. Ho er også, til liks med Johnson, kritisk til amerikansk militær innblanding i konfliktar verda over.

Også Stein stiller som presidentkandidat for andre gong. I 2012 fekk ho 0,36 prosent oppslutnad.


Valkampvideo for presidentkandidat Jill Stein frå Det grøne partiet.

Både Johnson og Stein har likevel lang veg opp til Clinton og Trump, som begge vippar rundt 40 prosent på målingane. For å bli med i dei viktige TV-debattane før valet må dei ha eit gjennomsnitt på 15 prosent på målingane.

Sjanselause
Tilbake til valforskar Hilmar Mjelde. Han peikar på valsystemet og partiorganiseringa som forklaringar på at berre demokratiske og republikanske kandidatar har sjanse til å vinna valet.

– Tredjekandidatar har i utgangspunktet marginal støtte, og den er spreidd tynt utover. For å bli president må ein vera størst i ei heile rekkje delstatar grunna valordninga, seier han.

Han viser til at den som skal bli president må ha eit fleirtal på minst 270 av dei 538 valmennene som blir valt frå dei ulike delstatane. Den kandidaten som får flest røyster i ein delstat, vinn alle valmennene frå den delstaten. Denne såkalla «first past the post»-ordninga, som også er i bruk i ein annan variant i Storbritannia, har ein tendens til å skapa topartisystem.

Hillary Clinton
Hillary Clinton, presidentkandidat for Demokratane. Foto: Gage Skidmore / Flickr / CC-BY-SA 3.0

Mjelde forklarer dessutan at begge dei to store partia husar mange fraksjonar, og er breie nok til at dei aller fleste veljarane kan kjenna seg heime der.

– Heile det norske Stortinget hadde gått fint inn i det Demokratiske partiet, til dømes. Så det er ikkje mykje politisk etterspurnad etter eit tredje parti, seier han.

LES OGSÅ: Obama støttar Clinton. Men han kunne ikkje gjera det offentleg før no.

Trump før Trump
Den siste tredjekandidaten som vann nemneverdig støtte i eit presidentval, og som var med i presidentdebattane på TV, var Ross Perot i 1992. Han var partiuavhengig, og fekk oppunder ein femdel av røystene i valet. Mjelde samanliknar Perot med ein «Trump før Trump».

– Han trefte ein populistisk streng den gongen, som gjorde at han stal mange veljarar. Men sjølv med 19 prosent oppslutnad vann han ingen enkeltstatar, og det er fordi dei 19 prosentane var smurt tynt utover, seier Mjelde.

Det einaste som no kan føra til at topartisystemet blir brote, meiner Mjelde, er om Trump vinn valet og dei moderate som har høyrt til etablissementet i Det republikanske partiet bryt ut.

LES OGSÅ: Donald Trump snakkar som ein 12-åring

Donald Trump
Donald Trump, presidentkandidat for Republikanarane. Foto: Gage Skidmore / Flickr / CC-BY-SA 3.0

– Protestkandidatar
I tillegg til Johnson og Stein finst ei rad andre, meir «eksotiske» kandidatar – som Gloria la Riva frå det marxist-leninistiske Party for Socialism and Liberation, Clifton Roberts frå det veganistiske dyrerettspartiet Humane Party, eller Zoltan Istvan frå det teknologi-entusiastiske Transhumanist Party. I tillegg finst fleire sterkt høgreorienterte, nasjonalistiske og/eller kristenkonservative kandidatar.

Per i dag har ingen av desse teoretisk sjanse til å bli president, fordi dei ikkje står på valsetelen i nok statar til at dei kan vinna fleirtalet av valmenn.

Ifølgje Hilmar Mjelde håper utfordrarane frå dei små partia først og fremst å påverka valkampen.

– Tredjekandidatar er ofte protestkandidatar eller sakskandidatar som vil ha noko på dagsorden. Dei grønne og libertarianarane er utprega ideologiske folk som synest eitt eller anna ikkje blir profilert nok av dei etablerte partia. Dei har ingen ambisjon sjølv om å klara å vinna. Det handlar meir om det å profilera ei sak eller ein ideologi, seier Mjelde.

LES OGSÅ: Fredric Holen Bjørndal (Ap) ville røysta på Bernie

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

Kommentarar

ANNONSE