Ruth Lillegraven lanserer ny bok i Ulvik

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Neste søndag lanserer Ruth Lillegraven den nye boka Sigd i Ulvik. Handlinga er inspirert av ein bonde frå Granvin på 1800-talet. Felespelar Benedicte Maurseth frå Eidfjord har sett nye tonar til dikta.

Det er ikkje kvar dag det kjem nye dikt med motiv frå Hardanger, men 7. august lanserer Ruth Lillegraven frå Granvin boka Sigd. Der følgjer ho odelsguten Endre som må selja garden, og kven er han eigentleg då? Boka er basert på ei dagbok frå Granvin på 1800-talet.

– Me er svært stolte av at Ruth Lillegraven vel å lansera den nye boka si hjå oss i Ulvik. Det å presentera ny lyrikk er ei av kjerneoppgåvene til oss på Hauge-senteret. At motiva i dikta er lagt til Hardanger for 200 år sidan gjer det sjølvsagt også ekstra stas, seier dagleg leiar på Hauge-senteret Geir S. Netland i ei pressemelding.

I høve lanseringa spelar, syng og les Benedicte Maurseth og Ruth Lillegraven konsertversjonen av Sigd. Delar av dette verket vart presentert på Hardanger musikkfest, men nokre delar av konserten er nye i høve boklanseringa.

Faktaboks

Ruth Lillegraven (f. 1978) er frå Granvin og vann Brageprisen i 2013. Sigd er hennar femte diktsamling. Ho har allereie markert seg som ei av dei viktigaste samtidslyrikarane i Noreg. Bøkene hennar er ofte forteljande og biografiske. Gjennom dikta til Lillegraven får me ofte innsikt i levd liv.