Vil ha grenser for Airbnb

Leieboerforeningen fryktar at bustaddelingstenesta Airbnb kan pressa ut vanlege leigetakarar og auka prisane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiar i foreininga, Lars Aasen, føreslår at utleige via Airbnb må godkjennast og avgrensast.

– Vi meiner det bør innførast nokre restriksjonar på den meir kommersielle delen, seier Aasen til NTB.

Nettstaden Airbnb lèt privatpersonar leiga ut heile eller delar av bustaden eller hytta til andre. Aasen meiner likevel at stadig fleire kommersielle aktørar nyttar tenesta, mellom anna i Oslo.

LES OGSÅ: Leiger ut hyttedraumen

Aasen seier at stadig fleire byar i Europa og USA no lagar reglar for denne typen utleige, og føreslår noko liknande i Noreg.

– Vi må ha ei grense for kor lenge det er lov å leiga ut på Airbnb, og ei godkjenningsordning. Då vil styresmaktene få kontroll på kva leilegheiter som blir leigde ut og når det skal betalast skatt. (©NPK)

LES OGSÅ: Delingsøkonomi deler samfunnet. Styresmaktene heng etter.