...enn Solberg til å styra landet

NPK-NTB
NPK-NTB

33 prosent av veljarane meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre er best eigna til å styre Noreg, medan 29 prosent held ein knapp på statsminister Erna Solberg (H).

Det viser ei ny spørjeundersøking gjort av Ipsos for Dagbladet. Samtidig viser tala frå juni-undersøkinga at mange er nøgde med jobben Solberg gjer som statsminister. 47 prosent svarte at ho gjer ein god jobb, medan 40 prosent svarte middels.

Valforskar Frank Aarebrot er ikkje overraska over at målingane viser ulike tendensar.

– Det går svært godt an å meine at Erna gjer ein god jobb, men samtidig seia at Jonas ville vore ein endå betre statsminister, seier han.

Aarebrot trur ikkje nødvendigvis at 2017-valet blir ein statsministerduell og meiner småpartia kjem til å bli avgjerande for kven som får makta. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11
ANNONSE