Nordmenn elskar Pokémon GO

Og det er på langt nær berre ungdomar som speler.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Vikebladet.no!

På under ei veke har 250 000 norske Telia-kundar lasta ned Pokémon GO-spelet på mobiltelefonen sin, skriv Telia Norge i ei pressemelding.

Dei kan også røpe at dei vaksne er minst like hekta som dei små.

4 av 10 av spelarane i Telia-nettet er mellom 20 og 30 år. Litt i overkant av 15 prosent er i aldersgruppa 30 til 40 år. Medan 32 prosent av spelarane er over 40 år.

Det virtuelle rollespelet går ut på at ein trener og fangar Pokémonar. Spelet vart lansert i USA 6. juli i år, i Noreg 16. juli. Spelet har teke heile verda med storm. Over alt kan ein sjå små og store gå rundt med mobilen i handa for å fante små fantasidyr.

Telia har flest kundar i storbyane Oslo, Bergen og Trondheim, men ogs andre tettstader har mange spelarar. Dei ser også at nordmenn på ferie i utlandet har fange Pokémonar. Dei fleste har teke i Sverige og Danmark, men reisande nordmenn har vore på jakt på alle verdas kontinent.