Kuppet som burde gått bra

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 11.07.2017 13:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oberst Claus Philip Maria Schenk Graf von Stauffenberg var sentral i motstandsarbeidet blant offiserane i Wehrmacht mot det nasjonalsosialistiske regimet i Tyskland. 36 år gamal leia han det Wehrmacht-baserte attentatet og militærkuppforsøket mot Adolf Hitler i 1944, kjent som 20. juli-attentatet.

Her er historia om Stauffenberg og kuppforsøket:

Stauffenberg blei medlem av motstandsrørsla mot nasjonalsosialistane allereie i 1939, etter å ha blitt verva av onkelen sin.

Utover i 1942 var den vanlege oppfatninga innan offiserskorpset i den tyske hæren at Hitler førte Tyskland mot undergang og var ansvarleg for eit ufatteleg tap av menneskeliv. Stauffenberg og fleire andre offiserar meinte difor at Hitler måtte fjernast frå makta.

Som praktiserande katolikk hadde Stauffenberg lenge religiøse skruplar med tanke på drap, men etter det katastrofale slaget ved Stalingrad kom han til at det å ikkje fjerne Hitler ville vere meir moralsk forkasteleg, og fann ingen annan måte å nøytralisere Hitler på enn å ta livet av han.

Etter eit opphald på sjukehus kom Stauffenberg tilbake som stabsoffiser ved overkommandoen for reservehæren i krigsministeriet i Berlin. Her var ein av hans overordna general Friedrich Olbricht, eit aktivt medlem av Wehrmachts motstandsrørsle. Dette gav dei ein unik posisjon til å organisere eit kupp. Reservestyrkane var formelt autorisert til å ta kontrollen over riket i tilfelle av uro der kommunikasjon med den militære overkommandoen var blokkert.

Attentatet 20. juli
Planen til Stauffenberg bygde på at han var ved kontoret i Bendlerstrasse for å ringe til regulære hæreinigar og beordre dei til å arrestere leiarar av politiske organisasjonar som Sicherheitsdienst og Gestapo.

På den andre sida var Stauffenberg den einaste av konspiratorane som hadde fast tilgang til dei daglege møta til Hitler med den militære toppleiinga.

Sjølv oom han berre hadde tre fingrar godtok Stauffenberg, som i 1944 blei forfremja til oberst, å utføre attentatet sjølv.

Den 20. juli 1944 tok Stauffenberg med seg ei dokumentveske pakka med to bomber og ein enkel 10 til 15 minuttars tidsutløysar til den militære overkommandoen «Wolfsschanze» i Rastenburg i Aust-Preussen.

Stauffenberg gjekk inn i konferanserommet og plasserte dokumentveska under bordet og forlét deretter rommet hurtig og utan å vekkje merksemd. Saman med adjutanten sin, overløytnant Werner von Haeften, forlét dei området og drog mot flyplassen, då dei visste at det ville bli avsperra etter eksplosjonen. Då dei i bilen høyrte eksplosjonen og såg røykutviklinga, var dei overtydde om at ingen kunne ha overlevd.

Bordbein redda Hitler
Det Stauffenberg ikkje visste var at veska med bomba var blitt flytta bak eit kraftig bordbein. Dette tok av så mykje for eksplosjonen slik at Hitler redda livet.

Hermann Göring inspirerer skadene etter attentatet. Foto: Bundesarchiv

Stauffenberg og Haeften fekk argumentert seg til ei tillating til å forlate det sterkt vakta området og fly tilbake til Berlin. Medan dei var i lufta utgjekk ein ordre frå hovudkvarteret om å skyte ned flyet, men ordren hamna på bordet til deira medkonspirator, Friedrich Giorgi frå Luftwaffes stab, som sytte for at ordren blei ignorert.

Etter å ha overlevd attentatet kringkasta Hitler straks ei melding på statsradioen som gjorde det openbart at kuppforsøket var mislukka. Straks etter blei konspiratorane overmanna i krigsministeriet, der Stauffenberg blei skoten i skuldera.

Generaloberst Friedrich Fromm, øverstkommanderande for reservestyrkane, kjente til planane, men hadde halde seg passiv. Då kuppet mislukkast, heldt han hasterettssak og dømde konspiratorane til døden. Dermed avslørte han kjennskapen sin til planane og passiviteten sin i forkant av attentatet, og blei sjølv dømd for høgforræderi og skoten.

Storfilm
Stauffenberg blei skoten same natt, saman med general Friedrich Olbricht, overløytnant Werner von Haeften og oberst Albrecht Mertz von Quirnheim på gardsplassen i krigsministeriet i Bendlerblock på ein improvisert standplass, berre opplyst av lyskastarane frå ein lastebil. Då turen hans til å bli skoten kom, ropte Stauffenberg sine siste ord: Es lebe unser heiliges Deutschland! («Leve vårt hellige Tyskland!»).

Noko kjent med historia? Då har du kanskje sett historia i storfilmen Valkyrie frå 2008, med Tom Cruise i hovudrolla.

Familien overlevde
SS-sjef Heinrich Himmler planla å utrydde familiane og namna til konspiratørane fullstendig. Den planlagte blodhemnen blei likevel oppgitt.

Den gravide hustrua til Stauffenberg og den eldste sonen Berthold blei saman med alle familiemedlemmar over 15 år deportert til ein konsentrasjonsleir, der det femte barnet, Constanze, blei fødd i 1945.

Dei yngre barna blei flytta til ein barneheim ved Bad Sachsa i Niedersachsen, der planen var å bortadoptere dei til nasjonalsosialistiske familiar. Barna fekk andre etternamn (Stauffenberg-borna blei kalt Meister), og blei verande i barneheimen til slutten på krigen. I dei siste dagane av krigen planla SS å avrette kona og borna til Stauffenberg, men gav opp planane då dei oppdaga at britiske soldatar var like i nærleiken.

Enka Nina Stauffenberg døydde 2. april 2006. Sonen Berthold tok opp familietradisjonen og blei offiser. Han er no pensjonert generalmajor.

Kjelde: Wikipedia