Storbritannia: Klima- og energidepartementet blir lagt ned

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Legg ned klimadepartementet

Avgjersla om å legga ned det britiske Klima- og energidepartementet er blant dei første som blir tatt under den nye statsministeren, Theresa May, skriv Independent.

Ho kom til makta onsdag og har sidan då plukka ut si nye regjering – mellom anna den omstridde Brexit-profilen Boris Johnson som utanriksminister. Johnson var lenge aktuell for statsministerposten sjølv, før han trakk seg frå valkampen.

May har også gitt ein annan viktig ministerpost til ein av dei tidlegare kandidatane til å bli statsminister, Andrea Leadsom, fekk rolla som miljøvernminister.  I same slengen vart klima- og energidepartementet lagt ned, og klimaansvaret hamna under departementet for handel, energi og industriell strategi.

Skapar reaksjonar
Valet har allereie fått sterke reaksjonar. Mellom anna har den tidlegare Labour-leiaren Ed Miliband gått ut og kalla avgjersla beint fram dum.

 

Miliband var sjølv den første leiaren av klima- og energidepartementet då han satt i regjeringa til Gordon Brown i 2008.

Barry Gardiner, som har hatt klimaposten i skyggeregjeringa til Labour, seier til Huffington Post UK at dette er berre ein av fleire dårlege klimaavgjersler frå regjeringa.

– Sidan folkerøystinga har dei snakka om klimaforpliktingane våre. Men fakta er at denne regjeringa nedprioriterer å gjera noko med klimaendringane. Retorikken er positiv, men handlingane er overveldande negative, seier Gardiner.

Ein av representantane for Dei Grøne, Caroline Lucas, kallar avgjersla djupt urovekkande, ifølgje Huffington Post.

– Energi i hjartet av departementet
Ein talsperson for departementet har sagt at regjeringa skal halda fram med å møta dei internasjonale klimaforpliktingane, trass i nedlegginga av klima- og energidepartementet.

– Det gir meining at områda rundt handel og industriell energi skal koplast opp mot energi. Dette er eit departement som vil bli skapt med energi i hjartet, seier talspersonen om det nye departementet, ifølgje Huffington Post.

Les meir:

Onsdag tok Theresa May over statsministerstolen. Her er den nye statsministeren i sju punkt.

Britiske James K. Puchowski fryktar for miljøansvaret til EU etter Brexit. 

Etter Brexit måtte briten Ben Scyvier(28)ta til tårene: – No veit ingen kva som skjer