NHO oppmodar Oslo-lærlingar til å dra nordover

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidsgivarorganisasjonen trekkjer fram Troms og Svalbard som attraktive område med behov for lærlingar.

– Unge må sjå moglegheitene i ein region med den lågaste arbeidsløysa i 2016. Her er det alltid behov for fagfolk, seier regiondirektør Christian Chramer i NHO Troms og Svalbard til Dagsavisen.

Totalt 400 lærlingar manglar arbeidsplass til hausten etter at rekordmange har søkt om lærlingplassar i hovudstaden.

Ifølgje Chramer er det etterspørsel etter fagfolk innanfor yrke som bygg- og anlegg, sjømatindustrien, reiselivsindustrien og skipsbyggingsindustrien i Troms og innanfor elektrofag, byggfag og bilreparasjon på Svalbard.

Utdanningsetaten i Oslo poengterer overfor avisa at fleire kjem til å få lærlingplass når hausten kjem. (©NPK)

Les meir:

Ungdom utan læreplass får svi. Maria Totland er ein av 200 ungdommar i Hordaland som står utan læreplass.
– Alle snakkar om at alle må få læreplass, men nesten ingen snakkar om kvaliteten, seier Nicholas Wilkinson (SU).

– Lærlingsvikt kan gi mangel på fagarbeidarar, seier Elevorganisasjonen. Dei meiner staten må gå føre og tilby fleire lærlingplassar.