Shell vil leggja att betong på havbotnen

Når Shell legg ned plattformene i Brent-felta i Nordsjøen, vil dei leggja att stål- og betongkonstruksjonar frå tre av dei på havbotnen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist veke stadfesta oljeselskapet at dei planlegg å søkja om unntak frå britiske reglar, og vil la beina til plattformene stå. Dei veg om lag 300.000 tonn kvar. Selskapet vil gjera det av omsyn til tryggleiken, skriv Shetland News.

Klimatalsmann i Dei grøne og medlem i det skotske parlamentet, Mark Ruskell, meiner oljeselskapet har eit ansvar for å gje noko tilbake etter at dei har tent enorme summar på oljeverksemda. Miljøorganisasjonar, som WWF, er òg negative til Shell-planane.

Det internasjonale miljøorganisasjonen til kommunane (KIMO) seier dei generelt vil ha demontering av oljeinstallasjonar på land av omsyn til miljøet, men at det kan vera nokre eksepsjonelle tilfelle der det beste er å la betongen liggja.

Shell vil levera ein søknad med gjennomføringsplan til det britiske energi- og klimadepartementet før utgangen av 2016. (©NPK)

Les meir:

Shell jobbar no med å komma seg ut av Nordsjøen. Fleire oljeplattformar kan bli lagt ned, andre er til sals.

Her er ei god nyheit: Holet i ozonlaget lukkar seg fortare enn me trudde!

CO2-fangst vart omtala som «den norske månelandinga». No ser det ut til å bli billegare enn frykta.