Ny teknologi skal redusera matsvinn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Veterinærinstituttet utviklar teknologi som gjer det mogleg å oppdaga svært små mengder listeriabakteriar i matvarer. Det skal hindra svinn.

No vert mykje mat kasta fordi det er vanskeleg å måla nøyaktig kor mykje listeria som er i matvarer. Feilmarginane er så store at det er vanskeleg å seia om mengda av listeria er over eller under grenseverdien.

– Det vert kasta store parti mat der bakterien er påvist, sjølv om det verkelege listeriainnhaldet er så lågt at det ikkje er fare for mattryggleiken. Vår metode dekkjer eit behov som andre metodar ikkje gjer, seier forskaren som leier prosjektet, Taran Skjerdal i (©NPK) Veterinærinstituttet.

Les meir:

No går kongressen i USA inn for at folk skal kasta mindre mat, ved å gjera datostemplinga lettare å forstå.

I Frankrike har dei vedtatt ei ny lov som hindrar store matvarekjeder i å kasta mat som ikkje blir selt. Den må heller donerast vekk.

Sigrun Brustad Nilsen var lei av å sjå heilt fine grønsaker bli kasta fordi dei ikkje var vakre nok. Ho starta eit folkerop etter stygge poteter og fekk svar.