ANSA trur Brexit vil bli positivt for utvekslingsstudentar

Billigare skulepengar og reduserte levekostnadar er berre nokre av fordelane norske studentar kan nyta, meiner organisasjonen.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

ANSA: Brexit kan bli positivt

– Skulepengane i Storbritannia er veldig høge. Du betalar mellom 100.000 og 300.000 kroner kvart år, så sjølv små variasjonar kan få ganske stor effekt. Det kan vera snakk om mange tusen kroner, seier Jakob Aure, president i ANSA, til Aftenposten.

Leiaren av organisasjonen, som er laga for norske utanlandsstudentar, ser det positive der mange har lukta katastrofe etter at Storbritannia bestemte seg for å forlata EU i slutten av juni.

Det er mellom anna valutasvingingane som gjer store utslag, meiner Aure. No er den norske krona sterk, medan pundet er svekka etter folkerøystinga. Det betyr fleire ting: Deler av Storbritannia, spesielt populære London, blir billigere å leva i. Skulepengane kan også bli redusert, som Aure påpeikar.

Studentane får også meir for pengane dei får frå Lånekassen, som kjem i norske kroner.

Likevel er det ikkje unison jubel for Brexit blant studentar. Leiar for Ansa i Storbritannia, Martin Kasseth, trur det negative slår ut det positive med Brexit. Til Aftenposten seier han at den positive tankegangen om at studentar får meir å rutta med, er smått egoistisk.

Framtida.no har meir om Brexit:

Nei til EU jublar for Brexit, og kallar det ein siger for folkestyret.

James K. Puchowski uroar seg over miljøansvaret til Storbritannia i tida som kjem. Når dei er utanfor EU, forsvinn også ei rekke viktige miljølovar.

Etter Brexit måtte britiske Ben Scyvier (28) ta til tårene: – No veit ingen kva som skjer