Ofte kan du finne det beste reisemålet på omvegen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omvegane

Saka er henta med velvilje frå Porten.no

For mange er bilferie nærast eit skjellsord. Det synspunktet deler ikkje Lauritzen.

– Det viktigaste med bilferien er ikkje å køyre så mykje bil, men å komme til nye og spanande plassar. Så personlig prøver eg å legge opp til minst mogleg lange strekk og flest mogleg stopp, seier han.

Glad i omvegar
Han er den einaste i NAF-systemet som har bubil som tenestebil. Få kjenner det norske vegnettet betre. 

– Eg har jobba som reisande i den norske geografien i omtrent heile mitt liv. Før eg byrja å jobbe i NAF for fem år sidan, så jobba i turistforeininga og reiste mykje rundt då òg, seier han.

For han er nøkkelen til ein vellukka tur å ta seg god tid og unne seg nokre skikkelege omvegar. Dei 32 beste i landet har han i samla mellom to permar. I Sogn har han funne ein av sine personlege favorittar.  

– Det er eit område som innbyr til ein skikkeleg omveg, seier Lauritzen.

Den lange vegen rundt 
Så her er ruta han tilrår: når du kjem frå Lærdal og skal til Sogndal, så tek du ikkje ferja rett over fjorden. I staden skal du svinge av inn til Årdal og ta Tindevegen over fjellet.

– Den og møtet med den nasjonale turistvegen over Sognefjellet er fantastisk. Særleg turen ned til Fortun er utruleg flott, seier Lauritzen.

Herifrå kan du følgje riksvegen til Sogndal om du ønskjer det. Men Lauritzen rår dei eventyrlystne til å følgje vegen på sørsida av fjorden.  

– Der er det masse kvalitetar: Sørheim, Munthehuset og Urnes. Der tek du den vesle bilferga over Sognefjorden til Solvorn, seier han.

Turen vert over hundre kilometer lengre, men er likevel verdt det, meiner Lauritzen. Om du då ikkje har hastverk. 

– Det er ein veldig lang omveg for ei kort strekning, men det er kanskje ein av dei flottaste opp og nedturane eg veit om i Norge.

Ikkje redd for å gå tom
Nyleg kom han tilbake etter to veker i Finnmark. Der rakk han å vere innom alle kommunane på nytt. Likevel er ikkje Lauritzen redd for at han skal gå tom for nye oppdagingar med det første.

– Norge har så mange små avkrokar du ikkje anar finst før du kjem dit. Det er nesten slik at dess meir du reiser, dess fleire plassar oppdagar du at du ikkje har vore. I Norge har vi nesten 100.000 kilometer med offentleg veg. Berre det å komme rundt på det nettet gir deg moglegheita for eit langt liv på vegen, seier han. 

Bokidear verkar han heller ikkje å gå tom for.

– No held vi på med ei bok dei beste utsiktane. Då er det ikkje usannsynleg at det blir litt frå Sogn der òg, seier han.

Les meir:

Legg du planar for ferien? Færøyane er meir enn sjøfugl, sau og små glimt av sol.

Det er ferietid. Men ferien mange eigentleg vil ha, er den perfekte ferien på Facebook. Astrid Underlid vil ha «All-inclusive happiness».