OL-klare Karsten Warholm sette ny norsk rekord i Amsterdam

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

OL-håp sette ny rekord

Saka er henta med velvilje frå Vikebladet Vestposten.

Torsdag var Karsten Warholm i aksjon i semifinale på 400 meter hekk under EM i Amsterdam. Då sette 20-åringen frå Dimna IL ny norsk rekord.

– Det er ikkje snakk om feil frå Karsten, slo NRK-ekspert Vebjørn Rodal fast før løpet.

Knuste alle i sitt heat

Og feil gjorde ikkje Warholm. Han storma forbi alt og alle og knuste sin eigen norske rekord frå fredag. Warholm dundra inn til 48,84 og klar ny norsk rekord.

Dermed er også Karsten Warholm klar for OL i Rio de Janeiro!

Det blir sjølvsagt også finale for stortalentet fredag, og med denne tida har Warholm meldt seg på som ein outsider i medaljekampen i Amsterdam.

Stortalentet har imponert stort etter at han valte å satse på 400 meter hekk denne sesongen. I år har han to gonger sett norske rekordar på distansen, men det var før semifinalen i Amsterdam, der han betra sin eigen rekord med 61/100. Warholm har forbetra den norske rekorden med godt over eit sekund i løpet av året.

– Det er eit fint tal. Eg likar det. Eg måtte ikkje sjå på klokka for å vite at det var eit bra løp, men under 49 sekund, no byrjar vi å snakke, seier Warholm til NRK.

Han meiner han trefte veldig godt på alle hekkane og at han er «ganske nøgd».

– Eg skal ta meg ein liten time, nyte dette, og så skal eg skru meg på igjen, fortel Warholm til NRK etter løpet.

Stortalentet seier at det er ein ting å vite at han hadde betre tider inne, men at det er noko anna å gjere det.

– No skal eg ha meg eit lite suss, slår Warholm fast før han gjekk for å møte vener og familie på tribuna

Han er no den åttande raskaste mannen i verda så langt i år på 400 meter hekk! Berre ein løpar var raskare enn Karsten Warholm i semifinalene.

Les også:

I fotballen skal «menn vera menn». Det biletet er i endring.

Halvparten av norske idrettsforeldre meiner utstyrspresset i barneidretten er for stort. Derfor sluttar ungane.

No, trass i EM, er folk blitt mindre interesserte i fotball. Sporten må sjå seg slått av mellom anna skiskyting.