Dei har i alle fall nok hype. No jobbar dei hardt for å leva opp til favorittstempelet før Øyafestivalen i august.

Før bakrusen etter Bergensfest har lagt seg skikkeleg, samlar eit av banda som har fått størst hype i Noreg den siste tida på Landmark i Bergen. Berre eit knapt år har gått sidan Great News hadde den første konserten sin, akkurat her.

– Me er eit fordømt bra liveband, og me er tre stykk. Det er ikkje ein unik kombinasjon i det heile, men det fungerer veldig bra live. For eitt år sidan sat me på akkurat dette bordet, så hadde me konsert. Då låg to stykk med konfettikanoner på ein kant og skaut konfetti utover publikum, fortel Lars Henrik Stoud Platou, trommis i Great News.

Favorittstempel på godt og vondt
Bandet, som i tillegg til trommisen består av Ole Kristian Einarsen på bass og Even Kjelby på trommer og vokal, har berre gitt ut fem singlar på Spotify, men har allereie spelt på Bylarm, Bergensfest, og Club NME i London. Seinare i sommar skal dei spela på Øyafestivalen. Great News har fått ein knallstart på karrieren.

 

 

Frå turen til London tidlegare i år.

– Eg veit ikkje, eg trur trioformatet er ganske bra. Me er ulike folk, Lars, Even og meg sjølv. Den trioen blir vel interessant å sjå på, skyt Ole Kristian Einarsen inn. Han har tenkt mykje på favorittstempelet Great News har fått, og ansvaret som følgjer med.

– Det er skummelt å vita at ein skal spela på Øya. For meg har det alltid vore ein draum, og no skjer det. Då er det fort å bli litt redd. Men du kan også berre drita i det, og køyra på. Du må berre prøva å levera kvar gong. Etter at me spelte på Bergensfest er skuldrane litt senka – eg trur dette vil gå bra, seier Einarsen.

– Eg var redd for favorittstempelet i starten, skyt Lars Platou inn.

– Mykje av grunnen til at me fekk så mykje hype var ein kombinasjon av at me laga god musikk, og at profilar i musikkmiljøet ga oss skryt. Utfordringa blir å levera til hypen. Alle kan spela éin eller to gode konsertar, men no har me levert ein del gode konsertar. Eg føler me har innfridd, til dømes under Bergensfest. Ingenting er kleinare enn å få favorittstempelet, og så levera ein konsert til terningkast fire. Då går lufta ut av ballongen, og eit nytt Bergensband tek over, legg han til.

«Secrets» er ein av fem singular Great News har gitt ut til no. Neste år kjem eit album.

«Great Hits»
Even Kjelby tok initiativ til å starta eit band for litt over eit år sidan. Lars og Ole Kristian kjende ikkje kvarandre på den tida, men Even kjende begge, og fekk samla dei til ei øving. Det fungerte godt, og no skriv dei låtar saman. Desse låtane skal også enda opp på eit album til neste år. I dag har dei få detaljar å dela om albumet – og dei stressar ikkje for å komma i mål.

– Det kjem nokre singlar frå den til hausten, og så kjem plata til neste år. Det me har gitt ut til no kjem truleg ikkje til å vera på plata, fortel Ole Kristian, og legg til at mange låtar er klare.

– Det er vel det einaste me kan sei, for me har ikkje lagt den endelege planen for kva låtar som skal vera med, legg Lars til.

– Eg telte over, me har vel 22 meir eller mindre ferdige låtar, og eit lass med skisser. Det er nok å ta av, seier Ole Kristian.

– Me kan gi ut ei dobbelplate. Eller gå rett på samlealbum med ein gong, seier Lars.

Den potensielle samleplata får namnet «Great Hits» med ein gong.

 

 

Vil aldri skriva om flyktningkrisa
I starten var det Even Kjelby som skreiv storparten av låtane. Då skriv han som oftast melodien først, og legg til teksten etterpå. Det er sjeldan dei store problema i verda som blir tema.

– Eg set meg aldri ned for å skriva om noko konkret, som flyktningkrisa eller ein tiggar på gata.

– Me er ikkje eit politisk band, så me ville nok aldri spelt ein song som handlar direkte om flyktningar eller global oppvarming. Me må verkeleg brenna for ei sak, i så fall, legg Lars Platou til.

– Men du kan faktisk ikkje skriva at me aldri vil spela låtar om flyktningkrisa, då ser me så usympatiske ut, skyt Even inn.

Etter litt diskusjon er bandet einige i at eg kan skriva det, men det blir grundig understreka at dei faktisk bryr seg om flyktningane.

Bonusfakta: Lars Henrik Stoud Platou er, ifølgje bestemora, i slekt med ingen annan enn Ivar Aasen. Likevel enda han med karakteren 3 i sidemål.

Vil du lesa meir om musikk? Det kan du gjera hos oss:

Mange satsar alt på musikken, få lukkast. Er det galskap å i det heile prøva? Me spurte ein av dei som tok sjansen.

Beyoncé er kåra til den mektigaste kjendisen i vår tid. For mange er ho eit feministikon. For andre er ho det motsette.

Ei syng, ei lagar klede, og ei står for sminke. Når Aurora Aksnes satsar på musikken er storesøstrene med på lasset.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE