Internasjonal interesse for kosmetikk frå Førde

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vestlandsk hudpleiesuksess

Saka er henta med velvilje frå Porten.no

Bedrifta ELDE Cosmetics har utvikla seg i løpet av åra. Vemund Eldegard starta produksjonen på kjøkkenbenken, utan farlege kjemikalar og med naturlege råvarer. I 2015 flytta bedrifta inn i produksjonslokale i Førde og i år ekspanderer verksemda endå meir for å tole det aukande salet.

Les meir hos Porten: Eldegard vart til hudpleieserien ELDE

Godt motteke
Hudpleieserien ELDE har i år nye varer på plass og desse kan kjøpast i fleire internasjonale marknadar.

Blant anna har bedrifta vekt stor interesse hjå Sverige, USA, Storbritannia, Australia og Canada. I Noreg blei bedrifta raskt etablert med eigen nettbutikk.

I Sogn kan produkta kjøpast på frisørstova i Årdal, men det er venta at produktet skal dukke opp fleire stader.  

– Eg synest det er svært kjekt at ELDE har blitt så godt mottatt. Mitt mål har alltid vore å tilby så mange som mulig eit sunnare og tryggare alternativ på kosmetikkmarknaden, og det gjer vi i storgrad no. Utan støtte frå kundar i Sogn og Fjordane, hadde vi aldri vore her i dag, fortel gründer Vemund Eldegard.

Bedrifta har no sju tilsette for å dekkje fleire fylker og den internasjonale interessa.

Eldegard har fått gode tilbakemeldingar frå kundar. I år har ELDE fått nytt design og nye produkt.

– Kundane våre har høge krav for kvalitet og effekt. Eg er utruleg stolt over den nye kolleksjonen som vi lanserte denne veka. Den er forma av alle tilbakemeldingar vi fekk i fjor.

Støttespelarar
Heilt sidan starten har Innovasjon Noreg, Sunnfjord Næringsutvikling og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane vore gode støttespelarar. Dette gjer at Elde Cosmetics kan vekse raskt.

– Vi i Kunnskapsparken har tru på Vemund som gründer. Han er ung, men har nokon av dei viktigaste eigenskapane ein gründer må ha for å lukkast. Vi gler oss til å følgje Vemund og ELDE Cosmetics vidare, seier Hilde Grinde.

– 2016 blir eit spanande år. Det er mykje som skjer framover, så det er berre å følgje med, avsluttar Eldegard.

Framtida.no følgjer med på lovande gründerar:

Med roboten AV1 skal No Isolation lata sjuke barn komma ut i verda.

Inst i Sognefjorden har Sogndal eit svar på Silicon Valley

Har du ein gründer i magen? Då kan du få pengar frå Forskingsrådet.