Reiselivsekspert: Må satsa meir på lærlingar
– Før fanst det mange linjer for reiseliv i vidaregåande skule, men no er det snart ingen att, seier Hanne Lykkja. Ho ivrar for å endra på dette og få fleire reiselivsbedrifter til å ta imot lærlingar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saknar lærlingar i reiselivet
– Mange tenkjer for snevert både om det å tilby lærlingplass og å vera læring i reiselivet, meiner Lykkja.
Ho er utdanna innan berekraftig reiseliv, naturforvaltning og ressursgeografi, og arbeider for tida med reiseliv og berekraftig besøksforvaltning i Nærøyfjorden og Geirangerfjorden. Det siste året har ho dessutan hatt eit oppdrag frå Nordland fylkeskommune for få fleire reiselivsbedrifter til å ta imot lærlingar. Røynslene frå prosjektet meiner ho har overføringsverdi til heile landet.
Få tilbod i turistfylke
Ifølgje statistikkportalen til Utdanningsdirektoratet har til saman 106 elevar søkt om å studera reiseliv andre året i vidaregåande skule i år. Det blir eit snitt på seks elevar per planlagt klasse og fylke.
Ei oversikt frå Utdanningsdirektoratet viser at det i både Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er berre ein vidaregåande skule i kvart fylke som tilbyr slik utdanning. I Møre og Romsdal er det to.
Statistikken viser også dei aller fleste lærekontraktane i reiseliv av ein eller annan grunn er i Akershus. Per 1. oktober i fjor hadde fylket heile 106 av 128 inngåtte kontraktar i dette faget, medan dei fire vestlandsfylka berre hadde fem. Fire av dei var i Rogaland.
Lykkja fryktar at tilbod ved få skular og endå færre lærlingplassar fører til at det blir lite attraktivt for ungdom å søkja reiselivsutdanning på vidaregåande nivå.
– Paradoks
Ho stiller seg undrande til at turistfylka satsar så lite på rekruttering til reiselivet, då reiselivet mange stader er ei stor og viktig næring.
– Vidaregåande skule er eit tilbod ungdommane gjerne nyttar medan dei framleis bur heime. Eg har difor undra meg på kvifor mange reiselivsområde ikkje har noko utdanningstilbod eller lærlingbedrifter innan reiseliv til sin eigen ungdom.
Sjølv meiner ho forklaringa er at skulane ikkje har greidd å fornya seg, eller laga spennande nok utdanningstilbod og at næringa ikkje har lykkast med å verka attraktiv nok. Det er Hanne Lykkja overtydd det går an å endra på.
– Både nasjonal og internasjonal etterspurnad krev at vi arbeider på tvers av sektorar og næringar, regionar og landegrenser, seier ho.
– Må tenkja nytt
Etter intervju med ulike reiselivsbedrifter i Nordland ser ho og prosjektleiar Daniel Sowe i Fiskeriparken no på moglegheitene for kva som skal til for å senka terskelen for å ta imot lærlingar.
Eitt av funna som kom fram i undersøkinga var at mange kvir seg for å vera lærlingbedrift åleine. Mange av reiselivsbedriftene kunne derimot tenkja seg å dela på ein lærling.
– Då opna det seg mange nye moglegheiter, seier Lykkja. Ho fortel at mange såg for seg at dei kan kopla ulike produkt og skapa nye tilbod.
– Det kan dreia seg om å kopla på tvers mellom overnatting, servering og opplevingar knytt til mat, kultur, læring og underhaldning, profilering gjennom sosiale media og formidling og tilrettelegging i offentleg forvaltning, seier ho og strekar under at reiselivsfag kan vera mykje meir enn det er i dag. Gjennom lærlingen er det òg høve til å kopla seg opp mot bedrifter i andre land.
Prøvekanin og vegvisar
Elevane treng også meir informasjon om kva ein lærlingplass i reiselivet kan vera, meiner Lykkja. I Lofoten har Ingvild, dottera hennar, blitt ein slags prøvekanin for kva ein reiselivslærling kan vera. Ho har testa ut eit heilt nytt og skreddarsydd opplegg for reiselivslærlingar.
Lista over kva den nyutdanna reiselivslærlingen har vore innom er lang og variert. Gjeremåla omfattar alt frå å vera guide for cruisepassasjerar til å vera viking og vertinne på Lofotr Vikingmuseum i Lofoten, segla med vikingskipet LOFOTR utanskjærs og promotera vikingmuseet på TV-kanalar i inn- og utland.
Ho har også vore med å utvikla nye guida turar for cruiseturistane. Ein studietur til Sveits, seminar om bygdeutvikling og kurs i regi av Innovasjon Noreg høyrer også med til det ho har fått med seg.
– Det eg har gjort på dei ulike plassane har til saman gjeve meg det eg trong for å nå måla i læreplanen, seier Ingvild Akiny Lykkja Hvoslef (21).
– Ein betre måte å læra på
Ho fortel at ho gjennom Arctic Guideservice, som har hatt hovudansvaret for lærlingplassen hennar, har fått god kjennskap til cruisenettverket i heile Lofoten – og at det varierte arbeidet ved vikingmuseet på Borg, som har vore hovudsamarbeidspartnaren, har gjeve henne god innsikt i korleis heile museet fungerer.
Ingvild meiner det å vera reiselivslærling er ein fin måte å læra på.
– Eg vil arbeida med folk og skapa opplevingar. For oss som er meir praktiske er arbeidserfaring betre enn lærebøker. Det gjev deg mykje meir tilbake. Rådet mitt til andre er difor å kjenna etter kva du likar å gjera, finna den kombinasjonen som passar, og stå på, seier ho. (©NPK)
Les meir:
I år vil fleire feriera heime – og mange skal på hytta
Skal du på ferie i utlandet? Hugs å sjekka passet før du reiser!