– Politikarane skal konkurrera om å ha best utdanningspolitikk

Marianne Andenæs har to bachelorgradar, og hadde fleire deltidsjobbar på sida medan ho tok dei. Det vil ho at studentar i framtida skal få sleppa.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er den nye studentleiaren

1. juli tek Marianne Andenæs over som leiar i Norsk Studentorganisasjon. I året som har gått har studentpolitikarane nådd målet om studiestøtte 11 månadar i året, men kampen er ikkje over. Altfor mange studentar jobbar framleis for mykje på sida av studiane, seier den nyvalde studentgeneralen.

Eg veit du mellom anna har ein del erfaring frå studentpolitikken frå før – kva anna har du gjort fram til no?

Eg har først og fremst vore student, med ein eller fleire deltidsjobbar på sida. Det siste året har eg vore masterstipendiat på Senter for utvikling og miljø. Eg har jobba både i matbutikk, restaurant og i Røde Kors. Eg har også vore i styret i burettslaget i fleire år, og hatt fleire utanlandsopphald i løpet av studia.

Kva har du studert sjølv?

Eg har to bachelorgrader – éin i latinamerikanske studiar og éin i statsvitskap. No held eg på med mastergraden i sistnemnde. Som bachelorstudent var eg på utveksling i Mexico og var seinast i fjor på sommarskule ved FNs økonomiske kommisjon i Latin-Amerika (ECLAC).

Kva tek du med deg derifrå?

Gjennom studia har eg lært meg å setta meg inn i mykje informasjon raskt, men ikkje minst systematisk. Eg har også blitt betre på å formidla ein bodskap, spesielt skriftleg, etter fleirfoldege skriftlege eksamenar. Språkferdigheitene har også fått brynt seg, gjennom utveksling og oppgåveskriving både på spansk og engelsk.

Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

Det er ikkje lett å peika på berre éin ting, for eg har alltid vore oppteken av kva som skjer i samfunnet. Eg vart kasta inn i studentpolitikken lokalt fordi eg rett og slett irritert over liten fleksibilitet til å reisa på utveksling.

– Studentkravet er ikkje nådd enno
Kva vert skilnaden på deg som leiar av NSO og Therese Eia Lerøen, som no takkar av?

Trass i ulik utdanning og heimstad, samt at Therese har jobba meir med fagpolitikk enn meg, er me ganske like. Me brenn for at studentane skal få oppleva høg kvalitet i studia, og ikkje minst for at dei skal bruka meir tid på studia, mindre på deltidsjobben (eller jobbane).

Det siste året er det blitt lova mange fleire studentbustader og 11 månaders studiestøtte. Kva er målet no?

Studentkravet er ikkje nådd enno. Me skal jobba for at beløpet studentane får i studiestøtte kvar månad skal aukast, og at me når kravet om 3000 nye studentbustader kvart år. Det neste året skal me få partia til å konkurrera om best mogleg utdanningspolitikk, både i opptrappinga til neste stortingsval og den kommande stortingsmeldinga om kvalitet i høgare utdanning.

Korleis skal de nå det målet?

Me skal vera synlege og aktive i offentlege debattar, ha tett dialog med samarbeidspartnarar og partia, men ikkje minst bruka dei interne arenaane våre godt, for å samla oss og bruka breidda i organisasjonen i påverknadsarbeidet.

– Å få alle engasjert i studentpolitikk er eit høgt mål
Kva vil du gjera for å få fleire engasjert i studentpolitikken?

Min viktigste oppgave er å være en studentleder som studentene får eierskap til og kjenner seg igjen i. At alle skal være engasjert i studentpolitikken er et høyt mål, men å være en synlig stemme i samfunnsdebatten og en inkluderende leder internt, vil være viktig for meg.

Kva er den største utfordringa studentar møter i dag?

At altfor mange må jobba for mykje ved sida av studia. Det gir mindre tid til å faktisk studera.

Kva gler du deg mest til å jobba med?

Jeg gleder meg til å møte mange ulike mennesker og utfordre meg selv. Jeg tror det skikkelig gøy å jobbe opp mot et nytt statsbudsjett og ikke minst, bidra til å forme den nevnte kvalitetsmeldingen.

Eg gler meg til å møta mange ulike menneske og å utfordra meg sjølv. Eg trur det blir skikkeleg gøy å jobba opp mot eit nytt statsbudsjett, og ikkje minst bidra til å forma kvalitetsmeldinga eg nemnte tidlegare.

Les meir om studentpolitikk:

Studentane fekk ei gladmelding i haust: No blir det 11 månadars studiestøtte.

Før var det nok å ha ein mastergrad om du ville ha ein god jobb. No er det så mange som har tatt mastergrad at karakterane får meir å seia.

Tidlegare i år slakta OECD norsk pengebruk på høgre utdanning. Organisasjonen meiner Noreg må få fleire til å fullføra utdanninga fortare.