Ina Eirin Eliassen, Hallingdølen
Ina Eirin Eliassen, Hallingdølen

Saka var først publisert i Hallingdølen.

Under Meiserkonserten på Landskappleiken sundag fekk Margit Myhr frå Gol spel- og dansarlag overlevert beskjeden. Ho gjekk av med sigeren i Vokal klasse A, som er eliteklassen i kveding, og vann med det Kongepokalen 2016 på Landskappleiken i Vågå.

Til topps
Klassen hadde i år rekordmange deltakarar, og laurdag kniva Myhr mot dei to andre finalistane Unni Løvlid frå Hornindal Spelemannslag og Berit Opheim frå Voss Spelemannslag, som til slutt vart nummer to og tre. 

Sist kongepokalen vart delt ut i denne klassa var i 2008.

LES OGSÅ: Odd Nordstoga vart noregsmeister i kveding

– Korleis har du det no?

– Dette hadde eg ikkje venta på ein flekk. Eg er aldeles sjokkert og stod på scena no nettopp og berre stotra. Berre det å få lov til å koma til finalen i Vokal klasse A er fantastisk fint. Kongepokalen attpåtil er nesten litt for mykje. Det er verkeleg ei stor ære, seier Myhr.

Ikkje delteke dei tre siste åra
Ho tykkjer det er ekstra moro å bli løna med kongepokal i vokal, då den allsidige artisten ser det som sitt hovudinstrument. Arbeidet Myhr har lagt ned i Kvedarkvintetten dette året, ser ho som ei viktig brikke. Dei har jobba fram mykje nytt materiale og Myhr har fått sunge mykje. 

– All takk går til dei fire damene i Kvedarkvintetten. Og sjølvsagt til mor mi, som har lært meg alt eg kan om song. Dette er hennar skuld, seier Myhr lurt. 

Ho ser attende på ein vellykka og fin kappleik. Dei siste tre åra har ho ikkje hatt moglegheit til å delta. Då smakte full utteljing ekstra godt.

Folkemusikar Hallvard T. Bjørgum reagerer på kulturvandalisme– Folkemusikken fortener ei offentleg unnskyldning!

Tredje gong i historia
Det er no sju år sidan kongepokalen sist gjekk til Hallingdal. Då var det Ingunn Stræte Lie og Ulf-Arne Johannesen frå Ål som vann pokalen i dans hardingfele. I 1995 var det Myhrs mor, Gunnlaug Lien Myhr som saman med dansepartnar Håkon Tveito fekk pokalen.

I sentrum av Våga var det Godkarstevling laurdag. Heile fire «Godkarar» fekk pengepremie på 2500 kroner kvar, der to av dei var frå Hallingdal. 

Henrik Opheim Berg frå Ål, fekk prisen for beste kast, som ifølgje dommarane var eit høgt fint gofakast, som fekk fart på hatten som ingen andre. Beste dansar og beste junior vart Mikkel Aasberg Arnesen, frå Geilo, som hadde det beste og mest imponerande innslaget rundt lasaronstolpen.

Ferdig for i år
Sundag sette punktum for årets kappleik. Årleg er om lag 1000 aktive spelemenn, songarar og dansarar samla i fem dagar i slutten av juni. I tillegg kjem fleire tusen for å få med seg arrangementet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

Kommentarar

ANNONSE