Datanerden Truls (22) ville testa naturen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Datanerd utfordrar villmarka

– Ein ting eg har funne ut at den kebab-turmaten er overraskande god. Det luktar definitivt kebab, men smakar litt som ei spica gryte, ler Truls Valsgård (22).

Denne forsommaren har spelentusiasten og fulltids-Youtubaren fått bryna seg på heilt andre utfordringar enn vanleg.

I dag lanserer DNT Ung i samarbeid med Nordic Screens «Truls mot naturen» med premierefest ved DNT-hytta i Slottsparken.

Den første av dei i alt åtte episodane, med strafferundar, kan du sjå her:

– Lite naturerfaring
Steget er stort for ein datanerd oppvaksen i Oslo, som ikkje har kome stort nærare friluftslivet enn hytta på Sørlandet.

– Eg har ganske lite naturerfaring. Men eg har hatt lyst å finna på nye ting å gjere, slik at eg kan kryssa dei av på bucket-lista eg ikkje ein gong visste at eg hadde, seier Truls på telefon til Framtida.no.

I ei intens veke utfordra DNT Ung-leiar Stig Øystein Schmidt Youtube-stjerna til ulike fysiske utfordringar i heimfylket Sogn og Fjordane.

For friluftsentusiasten har det vore ei spanande oppleving å ha med seg ein som aldri før har vore på tur i naturen.

– Det har først og fremst vore veldig morosamt og interessant å sjå det litt frå eit anna perspektiv. Uansett kor erfarne eller uerfarne folk er, så er det mogleg å leggja til rette for at dei skal ha det kjekt, uavhengig av kunnskap og erfaring. Det viser at friluftsliv må lærast, men at det ikkje skal så mykje til for å kome i gang og få naturopplevingar for livet, seier DNT Ung-leiaren på telefon til Framtida.

LES OGSÅ: – Om det er gjennom DNT ung eller på annan måte er ikkje så nøye. Eg vil at folk skal oppdage kva naturen kan gi, uansett kva dei ønskjer – om det er fart og spenning eller ro og stille. I naturen ekskluderer ein ikkje, det er plass for absolutt alle, seier Stig Øystein Schmidt


Truls Valsgård opplever hyttekos med Stig Øystein Schmidt. Foto: Marius Dalseg Sætre/DNT

Dataungdommen
For den innevante 22-åringen var møtet med norsk natur ein god opplevelse.

– Eg lærte at er utruleg koseleg å enda opp på ei primitiv hytte med stearinlys og kort etter ein lang tur over fjellet. Det er nok eit stort hopp å gå frå gamer og dataentusiast til å bli friluftslivsentusiast, men det var koseleg og definitivt noko eg kunne tenkja meg å gjera igjen. Med samarbeidet håpar DNT Ung å nå ut til ei yngre målgruppe, som har primærinteresser som ikkje nødvendigvis samanfell med det å vera ute.

– Men det er ikkje slik at den eine interessa utelukkar den andre. Ikkje alle veit kor givande og enkelt det er å koma seg ut. Dei forbinder gjerne friluftsliv med den klassiske hytte til hytte-turen, men kjenner ikkje til alle dei nye måtane å bruka naturen på.  

Og nettopp på dette området verkar det som om Truls har fått ei openberring.

– Dei tenkjer gjerne ikkje over moglegheitene. At dei kan låna ei hytte og reise på tur. Eller rafta, som ikkje berre er for ekstremsportutøvarar. Det er mykje ein kan gjera som kanskje ikkje ungdommane som sit med iPad og pc for å sjå meg spela vert minna på at går an.

LES OGSÅ: Helsedirektoratet: Slutt å sitja stille

Youtube-challenge
Men det er heller ikkje fritt for at Stig Øystein Schmidt har lært eitt og anna nytt om ein kultur der dei har sine eigne tradisjonar – ikkje så heilt ulikt DNT-miljøet.

Ifølgje Truls kan sjåarane hans gle seg til å sjå dei brutale Youtube-challengane DNT Ung-leiaren må gjennom som straff når han klarar utfordringane.

– I staden for ei teskei med kanel går me fullt inn med den verste chillien, paintball, eller at ein må drikka noko så ufyseleg at ein garantert spyr. Me dreg det langt for å få den beste underholdninga, ekstreme ting har vorte standarden på Youtube.

– Og har du sjølv måtte gjera noko som du ikkje vil gjere igjen?

– Eg vil ikkje avsløra for mykje av det som skjer, men å hoppa ut i innsjøen i Luster i 4 minus. Det var ikkje moro. Elles var heile turen ganske morosam. Eg hadde det dødskult og vart sliten på ein heilt anna måte enn eg er van med, fordi eg brukte ein del musklar som har vore lite brukt, seier Truls, som sit att med minner for livet. 


Vatnaktivitetar, som rafting, var eitt ekstra hinder for Truls Vågsland. Foto: Ida Angeltveit/DNT