Hadde du gløymt at det er livsfarleg å vera skeiv?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Livsfarleg å vera skeiv

Denne saka vart først publisert på Dag og Tid.

Det går endå litt lenger mellom kvar gong eg tenkjer: «Eg er homo, og det finst folk som vil drepa meg for det.» Men tanken er aldri langt unna. Fleire gonger i månaden snakkar kona mi og eg om at me har griseflaks som lever i nettopp dette landet i nettopp denne tida. Me veit godt kva tidlegare norske lovverk sette som straff for homoseksuelle handlingar (å verta brend på bålet, så alle spora etter denne frykteleg syndige gjerninga vart utsletta), og me veit kva som hender med skeive menneske i andre land (alt frå steining og pisking til fengsling og tap av foreldrerett og så bortetter). Men stundom vert det tydeleg at den paradisiske situa­sjonen vår er så fersk og skøyr at han lett kan rivast bort.

Les også: Ein arena for ekstremisme og islamofobi

Eg blir redd
Me var mange som kjende oss att då Silje Nordnes i P3morgen sa at åtaket i Orlando fekk henne til å tenkja at det kanskje hadde vore best om ho ikkje var som ho er. Ho skildra ei eksistensiell frykt som fleirtalet av skeive i Noreg ikkje er vane med å kjenna på, jamvel om uroa ligg og ulmar i mange av oss. For me har ofte nok merka at kjærleiken vår ikkje er like sjølvsagd og grei som heterofili.

Nokre veker før me gifte oss var kjærasten og eg i eit bryllaup i ein norsk småby ikkje langt frå Oslo. Me vert alltid kjenslefylte og svermeriske når me er i bryllaup, og det var attpåtil ei ljos og fin sumarnatt, så då me etter festen gjekk gjennom sentrum på veg heim til hotellet vårt, heldt me kvarandre i handa. Utanfor ein pub ropa ein full mann etter oss: «Øy, sjekk lesbene!» Ein gjeng med andre fulle menn snudde seg og såg på oss og hoia og skreik. Dette er heilt normalt. Dette – og verre ting – hender skeive i Noreg kvar einaste helg, ja, kvar einaste dag.

Les også: Frå skap til skap

På vakt
På papiret stør til og med kyrkja kjærleiken vår, men kvar gong eg har vore i eit kyrkjeleg heterobryllaup og har vorte rørt og har teke ektefellen min i handa, har me båe hatt kjensla av å gjera noko som er litt dristig eller beint fram ulovleg. Me har på eit vis vant oss til å vera trygge samstundes som ein del av oss heile tida er på vakt og bur seg på reaksjonar. Berre på skeive stader og arrangement slepp eg denne tærande vaktinga, som eg snautt tenkjer over at eg driv med. På slike stader kjenner eg meg fri og trygg. Det har eg visst ikkje grunn til.