Ferietips: Maraton i Sunnmørsalpane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ferietips: Fjellmaraton

Saka er henta med velvilje frå Vikebladet.

– Det har ikkje vore noko liknande her tidlegare, men Sunnmørsalpane må ha ein fjellmaraton, slår Martin Hauge-Nilsen fast. Han er ein av tre initiativtakarar til Ørsta Fjellmaraton, som blir arrangert 25. juni.

Saman med Arve Haugland og Arlid Foldal skal Hauge-Nilsen arrangere maratonløp i fantastiske omgjevnadar i Ørsta. Men er det ikkje tungt nok med vanleg maraton?

– Jau, men det blir litt annleis når ein spring ute i terrenget og slepp asfalten. Samstundes kan du ta dette meir som ein marsj, ein må ikkje springe, fortel Hauge-Nilsen.

Start og stopp for Ørsta Fjellmaraton går heime i gardstunet til ein av initiativtakarane, Arve Haugland på Barstad i Ørsta. Og der det er nok med 42 kilomter på ein vanleg maraton, må deltakarane på Ørsta Fjellmaraton vere klare for både opp- og nedturar undervegs. Det høgaste punktet under Ørsta Fjellmaraton kjem allereie etter om lag seks kilometer, på toppen av det 909 meter høge Sandhornet.

Også inn mot vending og målpassering skal deltakarane opp ei bra stigning, men den er ikkje like høg eller bratt.

Ørsta Fjellmaraton blir arrangert i ei løype på om lag 21 kilometer, og for heilmaraton må ein dermed gjennom løypa to gongar. Dermed blir det to turar opp på Sandhornet og til saman godt over 2000 høgdemeter i løpet av distansen.

Men då får ein til gjengjeld ein flott tur i heftige omgjevnadar, med ville tindar på ei side og fantastisk fjordutsikt på den andre.

– Og dette er også Norges billigaste maraton, med same pris uansett alder og klasse, seier Hauge-Nilsen som fortel at dei allereie har nådd målet for påmeldingar, men framleis håpar på endå fleire.

Glad i natur?

Det er det fleire som er: 6 av 10 nordmenn ferierer i Noreg i år. Halvparten av desse skal på hytta.

Om du ikkje er fullt så sprek: No kan du oppleva Sunnmørsalpane heime frå sofaen

Kvart år reiser friskusar til Eidsbugarden, til Vinjerock.I fjor vart festivalen utseld på 10 sekund. Kva har gjort festivalen så populær?