BOKMELDING: Korleis blir ein vaksen når barndommen er tatt frå deg? «April» av Angelika Klüssendorf er ein meisterleg oppvekstroman.

mm
Faktaboks

April
Angelika Klüssendorf
Omsett av Øystein Vidnes
Skald, 2015

LES FAKTALUKK FAKTA

I 2013 kom Jenta av Angelika Klüssendorf på norsk. Boka er ei rystande skildring av korleis ei jente klarer å overleve ei brutalt alkoholisert og sviktande mor i Aust-Tyskland – oftast heilt overlaten til seg sjølv med veslebroren sin. Sinnet i henne veks, og det same gjer sympatien med henne for lesaren. Store mengder med nasking og nokre andre usympatiske trekk er til å forstå i møte med mora, faren og andre sviktande vaksne. Den grufulle avslutninga av boka, der jenta frivillig knekker ein arm for å sleppa arbeidet på kollektivbruket, viser korleis framandgjeringa får fram den mest desperate likesæla i mennesket.

Les om boka JentaEit system for svik

I April har jenta fått namnet April. Ho prøver å finna plassen sin som ung vaksen i eit samfunn der tryggleik og undertrykking går hand i hand.  Framstillinga av den unge vaksne April er rått, men samtidig finstemt og samansett. Sympatien ligg hos henne, men blir utfordra fleire gonger. Når ho sjølv blir mor, kunne eg fleire gonger ønskt at ho sjølv burde lært betre – men livet er ikkje så enkelt.

Lesaren får eit usminka bilete av korleis det var å vera ung og annleis i Aust- og Vest-Tyskland på 1970- og 1980-talet, men Klüssendorf si direkte skildring gjer det relevant og tankevekkjande også for norske lesarar, både dei som er unge og dei som hugsar at dei var det.

Vil du lesa ei rystande god bok? Eg vel meg April.

Angelika Klüssendorf er ei sterk stemme i tysk litteratur. Ho har fått ei rekkje utmerkingar og prisar og har vore nominert til den gjevne Deutscher Buchpreis med både Jenta og April.

Ho voks sjølv opp i DDR. Til liks med hovudpersonen fekk ho løyve til å reisa ut  i 1985. Den illegale undergrunnsavisa «Anslag», som April er med å produsera eksisterte i verkelegheita og Angelika Klüssendorf var med på å laga ho. Det er fleire likskapar mellom April og forfattaren, men om barndommen og ungdommen til forfattaren var like ille veit eg ikkje.

LES FLEIRE BOKMELDINGAR HER!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE