Har redda 6400 frå drukningsdøden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Redningsskøytene har gjennom desse 125 åra hjelpt over 600.000 menneske i vanskar på sjøen, og 200.000 båtar har fått assistanse. Sidan juni i fjor har dessutan redningsskøyta «Peter Henry von Koss» redda over 5.300 flyktningar i Middelhavet.

I jubileumsåret er flåtesjef Webjørn S. Knudsen i Redningsselskapet svært begeistra for den siste generasjonen av redningsskøyter. «Idar Ulstein», som kom på sjøen i fjor, og den mindre «Einar Staff sr.», som vart døypt 21. mai, er begge først ut i kvar sine nye klassar av topp moderne redningsskøyter.

– Dei nye skøytene som kjem no, er heilt unike. Dei har utstyr og kapasitet som vi knapt kunne drøyme om for berre femten år sidan, seier Knudsen.

LES OGSÅ: Det er medmenneske som druknar på sjøen

Utrygt på havet
Det var samfunnsforskaren Eilert Sundt som først lanserte ideen om eit eige redningsselskap som kunne gjere havet tryggare for sjøfolk og fiskarar langs kysten. Sundt hadde dokumentert at dødstala var skremmande høge. Over 700 fiskarar drukna årleg i Noreg i perioden 1846– 1860 – nesten 10.000 på litt over eit tiår. Lofotfisket i 1849 enda i ein katastrofe: 500 fiskarar omkom på Vestfjorden på éin og same dag, 11. februar.

Legen Oscar Emil Tybring og grosserar Heinrich Scheller var i neste omgang viktige pådrivarar for å få ideen realisert, og 9. juli 1891 vart Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning skipa under eit møte i lokala til Oslo Børs.

Den 9. juli er altså fødselsdagen til Redningsselskapet, som likevel heilt sidan 1920-talet har valt å feire den årlege Redningsselskapets dag 7. juni. Dermed er òg hovudmarkeringa av jubileet lagt til 7. juni, men med mange lokale arrangement utover sommaren.

Redningsskøyte nummer 1 «Colin Archer» var teikna og konstruert at Colin Archer, mannen som da var verdsberømt for polarskipet «Fram», som han konstruerte for Fridtjof Nansen. Foto: Ukjent

Losbåt vart modellen
I starten var det ikkje så opplagt at redningstenesta skulle basere seg på redningsskøyter. Både flytande redningsstasjonar og redningsskip var blant ideane som vart lufta. Men losskøyta som i 1892 redda ei gruppe fiskarar ved Langesund, vart på mange måtar modellen for redningsskøytene.

– RS 2 «Langesund» vart i februar 1893 den første redningsskøyta i drift. RS 1 «Colin Archer» kom først litt seinare, fortel Webjørn Knudsen.

– Dette var båtar med ekstreme sjøeigenskapar for den tida, slik vi òg kan seie om båtane våre i dag.

At redningstenesta verkeleg kunne gjere ein forskjell, fekk «Colin Archer» vist til fulle 20. mai 1894. Da berga skøyta 37 menneske utanfor Varangerhalvøya i Finnmark under særs vanskelege vêrforhold. Redningsskøyta og mannskapet vart folkeheltar, og Redningsselskapet fekk vind i segla. Redningsforeiningane poppa opp over heile landet.

LES OGSÅ: Tre av fire vil seie ifrå om drikking til sjøs

Skepsis til motordrift
Redningsskøytene fekk oppnamnet «havets stormfuglar», og gjekk på vindkraft heilt fram til 1930. Redningsmannskapa var svært skeptiske til motorar, som dei såg som upålitelege etter eit svært mislykka forsøk med motor i RS 7 «Fridtjof» i 1895. Da RS 36 «Andreas Aarø» 35 år seinare vart utstyrt med motor, var det i kombinasjon med segl.

På syttitalet auka farten med Nanki Bergesen-klassen. Toppfarten på over 20 knop revolusjonerte drifta i Redningsselskapet, men ikkje alle var like begeistra for nyvinninga, fortel flåtesjef Knudsen.

– Skepsisen var stor mot dei 45 fot store aluminiumsbåtane, som mange meinte var for små. Og diskusjonen om kor store skøytene bør vere, har vi faktisk den dag i dag. Kva er godt nok, kva er stort nok, kva viser statistikken?

RS 38 «Biskop Hvoslef» berga 49 menneske i åra 1933 til 1969. Skøyta var ein av dei første redningsskøytene med motor, her på veg ut frå frå Svolvær. Foto: Redningsselskapet

LES OGSÅ: Gamle sjøkart gir falsk tryggleik

Foreiningar og frivillige
Foreiningsarbeidet i Redningsselskapet er framleis viktig, om ikkje heilt som for hundre år sidan. Enkene etter dei som omkom ved Langesund i 1892, samla inn pengar til den første redningsskøyta og vart slik den første av hundrevis av kvinneforeiningar og redningsforeiningar langs heile kysten.

– Foreiningslivet har vore kjempeviktig for Redningsselskapet og er framleis viktig, men det er vel ikkje det som triggar ungdommen, for å vere heilt ærleg. Vi prøver å ta vare på begge leirar, seier Knudsen.

I dag prøver Redningsselskapet å fange opp ungdommen gjennom leir- og lagssatsinga RS Ung, mens dei yngre barna får møte Redningsselskapet gjennom Eliasklubben.

For redningstenesta på sjøen har korpset av frivillige som Redningsselskapet har bygd opp sidan midten av nittitalet, gjort det mogleg å utvide aktiviteten. I dag er halvparten av dei 50 skøytene i flåten bemanna med frivillige.

– Dette er mindre fartøy, men eit utruleg viktig supplement til dei 25 fast bemanna skøytene. Dei fast bemanna skøytene er jo sjølve ryggrada med døgndrift 365 dagar i året, seier Knudsen.

– Vi prøver å engasjere frivillige til å fylle ein del av beredskapshola langs kysten, og målet er å nå 25 sjøredningskorps med frivillige i 2016. (©NPK)

Faktaboks

Redningsselskapet

* 50 redningsskøyter og 4 ambulansebåtar langs kysten og på dei to største innsjøane.
* 25 fast bemanna skøyter, 25 mindre båtar med frivillige som mannskap
* 194 fast sjøtilsette, rundt 1.300 frivillige
* 113.000 medlemmer, 10.000 fleire enn i 2014
* 2015: 7.435 oppdrag, 30 personar redda, 50 fartøy berga, 6.397 fartøy assisterte
* 62 prosent av oppdraga i 2015 gjaldt fritidsbåtar
* 125 år den 9. juli 2016
* Jubileumsfest i Stavanger 18. juni.
* Andre arrangement: https://www.redningsselskapet.no/om-oss/jubileum/
* Jubileumsbok: «Full fart forover» av Lars Ludvig Rød (red.) (©NPK)